Åra som sette så djupe spor

Me gøymde oss i potetkjellaren når flyalarmen gjekk. Eg synes endå eg kan kjenna kulden frå kalde Kerrs Pink-poteter i baken etter opphalda her.


Ivar Helleland vaks opp på Litlabø. Saman med kameraten Ansgar Vedå fekk dei oppleva   krigshendingane på nært hald ei laurdagsnatt i slutten av januar 1943. Denne natta kom norske og britiske soldatar til Stord, og raidet mot Stordø Kisgruber hadde som mål å øydeleggja gruveanlegget og setja ein stoppar for kisen som blei nytta i den tyske krigsindustrien. Arnfinn Haga, oppvaksen i Sagvåg, har skrive mange bøker om hendingane under andre verdskrigen, blant dei ”Raidet mot Stordø Kisgruber”.


”Lørdagskvelden 23. januar 1943 var Arnfinn, eldstesøsteren og faren på kino i Folkets Hus på Litlabø. Det var sånn omtrent fire kilometer å gå en vei, og det syntes søsknene var mer enn nok. Men opplevelsen var stor der de satt helt fremst i salen på en ekstra innsatt benk og stirret målløse på den makeløse skiløperen Trysil-Knut. Etterpå var det å traske de fire kilometerne hjem i tørrfrosten, spise svart brød med svart sirup på, og så legge seg. Før søsknene sovnet, fortalte faren om en som var like glup på ski som Trysil-Knut, han var frå Kongsberg og het Birger Ruud. Men de hadde ikke sovet så lenge før de våknet av en skjærende lar ute fra sjøen. Mor stod over dem og var redd i stemmen. ”De må reisa opp”. Søsknene spisset ører idet lange og smatrende skuddserier nådde dem fra sjøen, sikkert fra Kiskaien. Arnfinn hadde en brennende lyst til å løpe inn i stua og lette på blendingsgardinet, men ble bryskt bedt om å holde seg unna alle vinduer som vendte den veien. Skuddseriene var hissige. Det smalt rasende fra noen våpen, litt roligere og tyngre fra andre. Om en stund virket det som skytingen gav seg noe. ”Ka ska me gjera?” undret moren. ”Eg meina da roa seg”, svart e faren.”


Men det roa seg ikkje så fort, denne krigsnatta som ingen i området gløymer. Soldatane som gjekk landevegen frå Kiskaien i Grunnavågen opp til gruveanlegget på Litlabø, kommanderte folk som budde i området til å koma seg vekk.  Helleland og Vedå budde begge på Gjerde, eit lite steinkast frå Heishuset som var målet frå raidet.


-Eg er ikkje sikker på kven som kom med beskjeden, men det var folk som arbeidde i gruo. Eg sov på loftet saman med foreldre og to eldre søstre då me blei vekte like over midnatt, med beskjed å koma oss vekk snarast råd. Kan endå hugsa kor sterkt inntrykk det gjorde då søstrene sa det ikkje var sikkert eg fekk sjå far min igjen. Han blei kommandert til sløkkingsarbeidet etter brannane på gruveanlegget, seier Helleland.


Frå huset dei søkte tilflukt til, kunne dei sjå lysgranatane som farga himmelen denne kvelden med skyting både frå festningen på Bjelland og den på Tittelsnes, og frå MTB-ane som hadde teke turen ut retning Bømlafjorden for å avleia merksemda frå raidet på gruvene.


Bjelland fort var ein del av mange forsvarsanlegga som den tyske krigsmakta bygde etter invasjonen i 1940. Anlegget på Bjelland blei etter kvart utstyrt med fire 8,8 cm kanoner, to luftskytskanoner og kraftige lyskastarar både på Kjøtteinståa og i hagen til familien Junge. Den største av desse hadde ein diameter på 1,5 meter, og lyste opp Bømlafjorden og Sunnhordlandsbassenget når han var i bruk.


Dei som budde på Bjelland, vart jaga frå heimane då festningen blei bygt. For fleire av dei som måtte evakuera frå området i 1942, vart oppveksten omflakkande i krigsåra. Hans Kristian Junge er ein av mange som har fortalt om sine barndomsminne, og opp gjennom åra har ulike hendingar krigsåra  ofte vore tema både i Stord sogelag sitt årsskrift og sogespalta i denne avisa. Oddbjørn Kvålsvold har samla mange av desse historiene, blant anna dette som Junge fortel. Junge var fire år då dramatikken starta for familien. Dette er det første livsminnet han har lagra frå tidlige barneår. To tyske offiserar med høg huva, ridebukse og blanke støvlar stod plutseleg i døra. Hans Kristian sat i fanget til mora då inntrengarane kunngjorde at familien skulle tømma huset og flytta ut snarast mogleg. Han fortel om korleis hendingane denne tragiske dagen har festa seg i minnet. Innan dagen var omme hadde dei flytta ut av huset og etablert seg midlertidig i bedehuset på Bjelland, etter kvart måtte familien flytta til fleire ulike stader før dei igjen kunne koma tilbake til heimen på Bjelland fredsvåren 1945. 



Dei fem krigsåra har sett djupe spor, 8. mai er det 75 år sidan denne krigen tok slutt her til lands og Noreg igjen vart fritt frå det tyske åket.  


«Sunnhordland» mai 2020


Lars Mæland