Ein av pelsdyroppdrettarane på Stord

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I mellomkrigstida var det mange som tok til med oppdrett av pelsdyr, og «Wikipedia» fortel at i 1930-åra var det heile 4000 pelsdyrfarmar i landet. Den første sølvreven vart innført til Noreg i 1913, og oppdrett av pelsdyr i bur vart etter kvart ei viktig binæring på mange gardsbruk. Tradisjonen fortel om fleire som dreiv pelsdyroppdrett på Stord som attåtnæring. På nedre Vikanes vart det i 1920-åra tilrettelagt og innkjøpt rev for avl, og i «Myro» hadde slaktar Nils Andreas Myhre bur for pelsdyr. I Eldøy investerte Helle Dahl i pelsdyrfarm, og på Hystad var det sterk eim frå bura til Oskar Dahl og Lauritz Hystad. Og på Grov hadde Birger H. Grov oppdrett av rev, for å nemne nokre.


Far til ein av informantane mine, Erik N. Saue, starta òg med pelsdyral. Erik meiner at faren byrja med rev i 1928-29 og utvida litt etter kvart med fleire bur. I oppdrettet hadde Nils E. Saue på Vikanes både sølv- og platinarev. Etter ei tid hadde oppdrettet 6 tisper som fødde 3-6 ungar kvart år. Dei kunne såleis levera opp mot 30 reveskinn til Oslo Skinnauksjoner, der skinna vart vurderte og prisa etter kvalitet og marknadsverdi. I heimen til Erik var oppdrett og sal av revskinn attåtnæring heilt fram til 1950-åra.


Etter som Erik voks til, måtte han ta del i drifta av revefarmen til faren, men han likte dyr og hadde glede av arbeidet med pelsdyra. Den no 94 år gamal røktaren fortel at han prata mykje med revane og fann snart ut at enkelte av dei var meir sosiale en andre. Erik fekk spesielt god kontakt og med ei av avlstispene. Denne kom alltid ut og møtte han lenge før han var framme ved buret. Eit av dei gode minna frå røktarjobben var ein gong han opplevde at «favoritt tispa» gjekk inn i avlukket og kom ut med ein av kvelpane i kjeften. Ho kom heilt fram til nettingveggen med kvelpen slik at han fekk studera den nyfødde. Erik sa ho måtte leggja han på plass att, og gjorde det før ho kom ut og forsynte seg av fatet med mat han hadde sett inn i buret.


Mykje av maten som vart nytta til revoppdrettet, henta dei hjå slaktar Nils Andreas Myhre i «Myro». Innvolar og tarmar vart henta med sykkel og frakta i pappøskjer heim til Vikanes. Vidare vart både sjølvfiska og innkjøpt fisk mole opp på ei stor spesialkvern. Kvart år fekk dei i sildsesongen tak i 1 hl. sild som vart tørka usalta og nytta til fôr. Som revefôr nytta dei òg gamle høns. Jobben med å ribba og kverna høns var lite «lystbetont» og det verste med heile røktarjobben, minnast Erik. Om hausten vart årskulla avliva og beinflådde. Skinn vart skrapa med tollekniv og sagmo nytta i prosessen med å fjerna feittet. Kvart skinn vart så tredd på ei «tanefjøl», og avispapir vart nytta for å sikra lufttilgang i holrom.


Før siste verdskrigen var far til Erik ein av dei som vart innkalla til nøytralitetsvakt ved festningsanlegget i Fjell. Som utdanna signalmann var det ikkje tale om å få fri frå tenesta sjølv om han hadde ein revefarm som trong tilsyn. Dette førte til at Erik som 15-åring måtte overta heile røkteransvaret i ein periode. Men som før nemnt var han glad i dyr, og tilsyn og mating av pelsdyr var difor kjekt arbeid og gjev gode minne frå tenåra.


Munnleg kjelde:           Erik N. Saue f 1924


Sunnhordland» 14.5.18.


Oddbjørn Kvålsvold