Gjenreisinga etter siste verdskrigen og skogplanting

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

For generasjonen som vaks opp etter siste verdskrigen, vart gjenreisinga av landet ein viktig del av kvardagen. Gjenreisingsdirektoratet som vart oppretta i 1946, hadde tilsyn med byggeverksemda i landet og skreiv ut tilvisingar på bygge- materialar. Dei førte og kontroll med forsyningsnemnda i fylket si handsaming av søknader om bustad og landbruksbygg. Rasjonering av mjølk- og mjølkeprodukta varte til hausten 1949, og for sukker, te og kaffi måtte ein nytta rasjoneringskort fram til hausten 1952. For å kjøpa klede vart det nytta kort (merke) fram til 1954, og regulering av bustadbygging og bilsal varte til 1960. Det var lite varetilfang og rasjonering av mange vareslag påverka kvardagen vår.


Etter krigen var det politisk einigheit om styrking av skogbruket etter mange år med mykje tømmerhogst. Dette var såleis eit eige punkt i Fellesprogrammet frå dei politiske partia føre stortingsvalet i 1945. Tiltaket var ein del av gjenreisinga etter krigen og Skogkommisjonen som Stortinget sette ned i 1951 tilrådde  ambisiøse mål. Vestlandsfylka skulle plantast med skog, og gran var hovudproduktet. Fagfolk fortel at produksjonsevna til gran er tre- fire gangar så stor som furu. Planen var at det skulle plantast 27 millionar planter kvart år og skuleborna skulle delta i arbeidet. Mange av dei eg har hatt samtaler med under innsamling av livsminne, fortel om årvisse utflukter til skogsområder der areal vart tilplanta med gran. 


I ein samtale med Rasmus Haga fortel han om skogplantinga han var med på først i tenåra, truleg i åra 1947-48 og 49. Rasmus gjekk på folkeskulen på Rommetveit, og hugsar godt den årvisse plantedagen som vart tilrettelagt med hjelp frå lærarskulestudentane. Årskullet han var ein del av, hadde få elevar og han nemner; Hans Presthaug, Trygve Tveit, Nils Aksel Mjøs, Eilert Hystad og jentene Madly Økland og Bjørg Tyse. Elevane stilte med niste, drikke og den spesielle plantehakka som var i bruk på denne tid. Borna gjekk i samla tropp frå skuleområde til plantefeltet dei hadde fått tildelt. Rasmus meiner det var i området mellom Vad-vegen og Hauglandsgardane dei planta. Plantinga var tilrettelagt som ein akkord, slik at klassen skulle få i jorda ein visst mengde buntar før «skuledagen» var over. Men i sluttfasen av dagen gjekk det ofte litt fort, minnast Rasmus. Då hendte det at både to og tre granplanter hamna i same plantegropa, – viss studentane ikkje var i nærområdet. 



Skogen er hogstmoden  når veksten vert så låg at det løner seg å plante ny skog. Fagfolk reknar at dette skjer etter 60 – 120 år etter planting. På mark med god produksjonsevne (bonitet) og eller ved kysten, produseres større volum på kortare tid. Me som liker å ferdast i skog og mark registrerer at skogeigarane på Stord har hausta mykje av desse  plantefelta dei siste 2- 3 åra, og store hogstflater har opna landskapet. Ikkje minst har hogst langs E 39 ved Grov, Litlabø og frå Ådlandsvatnet mot Landåsen gjeve oss nye synsinntrykk over kulturlandskapet. Granfeltet som Rasmus Haga var med å planta, mellom Vad-vegen og Hauglandgarane for ca. 70 år sidan er mellom dei som er hausta.

 

Digitale kjelder:

Norsk institutt for bioøkonomi.no

Kystskogbruket.nø

Stortinget .no


Munnleg kjelde: Rasmus Haga f. 1935



«Sunnhordland» 19. april 2021


Oddbjørn Kvålsvold