Setrar på Stord

Ei seter er ein stad i utmarka, helst fjell eller skog, der dyr beitar og kyr og geiter vert mjølka. Mange stader i landet finn ein kulturlandskap med kulturminne og bygningar som vitnar om denne aktive bruken av utmarka. Heldigvis finn me og nokre stader der tradisjonen framleis vert halden i hevd, men stort sett i fornya former.


I kyststroka var det også vanleg å ha dyra i utmarka, men her var bøgardstølane og uteflorane nær innmarka ein meir vanleg stad å mjølka dyra. Stord er likevel eit døme på at ressursutnytting med setring lengre frå innmarka vart brukt i eldre tid. Ein del gardar på øya hadde setrar og dei fleste låg i skoggrensa opp mot fjellet, men det er også døme på setrar som låg litt inn på fjellet eller noko nede i skogen. Gamla Tysesetro låg til dømes oppe ved søraustre enden av Tysevatnet, medan setra til til Øvre Økland låg i Seterlio nede i skogen sørvest for Vatnadalen. Mange stadnamn, frå Mehammarsetro i nord til Sætramyro på Øvre Litlabø i vest, vitnar om seterdrifta på Stord i gamal tid.


På Stord var det ikkje svært langt frå garden og opp til setra, og det har difor truleg vore stor grad av heimeseterdrift. Det vil seia at budeia gjekk opp til setra om kvelden, mjølka, låg over i bua om natta før ho gjekk nedatt til garden etter morgonmjølkinga.

Lundesetro som ligg på sletta før du kjem til kraftstasjonen på Lundseter skal ha vore brukt til like etter 1900, og er såleis kanskje den setra som var lengst i bruk som mjølkestad i Stord.


I lia oppunder Steingilshedda noko lenger sør ligg setrane til gardane Lundemannsverk og Nordre Tveita i Nordbygdo. Vil du ha ein liten tur i denne vegetasjonsrike blandingskogen kan du ta av frå parkeringplassen ved fjellstova. Først må du gå eit lite stykke langs stien mot Vatnadalen, og så ta opp mot nord-vest. Her i denne lune og næringsrike lia kan ein finna den dels overgrodde vollen til Lundemannsverksetra, der det står ei falleferdig hytte på staden der det truleg var ei seterbu i eldre tid. Denne setra er nemnd av matrikkelkommisjonane både i 1665 og 1723. Det er med utganspunkt i denne setra Kristen Sørheim fortel den romantiske kjærleiksoga til Peder`n i «Dagbok for Peder Lundarstøl». Ei soga som endar svært tragisk med mordbrann der dei to budeiene døyr.

Går du noko lenger vest og litt nedover i terrenget og passerer Beinadalsbekkjen, kjem du til restane etter Tveitasetervollen. Stien mot Vatnadalen går over vollen og etter litt leiting kan ein finna tufta etter i alle høve ei seterbu. I eit skiftedokument frå 1862 er det vist til to ståande seterbuer på denne staden. Elles er setra nemnd i matrikkeldokumenta frå 1665 og 1723, dessutan i ei rettsak frå 1751.


Frå Tveitasetra kan du ta stien mot sørvest til Vatnadalen, mot nordaust til Fjellstova att, eller rett ned lia og inn på skogsvegen til Hauglandskvedno. Ein tur opp Beinadalen til Steingilshedda er fin for dei som vil ha litt meir fjellkjensle.


Turar i natur og kulturlandskap gir gode opplevingar, og både synlege kulturhistoriske element og ulike historiar knytt til landskapet kan gi ekstra dimensjonar til turane.             God tur!


«Sunnhordland» 29.08 2014


 Jens Litlabø