Lærarinna Eli Hannisdal kjørde «Tempo Lett»
For tre år sidan var eg inne hjå Petra Hannisdal og sikra digitale opptak av hennar livsminne. Som 1-åring vart Petra med foreldra til misjonsmarkene i Kina og har difor sine første livsminne frå opphaldet i Kina og den 2 ½ månad lange reisa attende til Noreg hausten 1935. I denne vesle artikkelen vil eg fortelja litt frå det ho fortalde om mor si, Eli Hannisdal, sitt virke som lærar i skulen på Stord. Ja, mange av dei eg har intervjua, minnast fru Hannisdal som lærar.
Eli Hannisdal voks opp på ein av Hystad-gardane i lag med ein stor søskenflokk. Som sedvane på denne tida reiste dei eldste søskena ut i arbeid så snart dei voks til, mens tre av jentene fekk høve til å byrja på lærarskulen på Rommetveit. Då mora gjekk på lærarskulen og budde på Rommetveit, fekk ho den tunge bodskapen at broren Peder hadde vorte alvorleg sjuk. Han var råka av influensaepidemien spanskesjuka som me har grunnlag for å tru tok livet av 150000 nordmenn. Petra fortel at mora ikkje fekk ta farvel med broren på grunn av smittefaren.
Etter at Eli Hannisdal var uteksaminert frå lærarskulen i 1920, arbeide ho i stordskulen i 3- 4 år. Første jobben var i skulestova på Børtveit der ho òg budde i denne perioden. Seinare vart det ein delt post, mellom skulen på Agdestein og i Sagvåg. Dette var ein krevjande post der ho sykla frå bustaden på Hystad inn til den samla klassen på Agdestein annakvar dag. Dei verste uvêrsdagane om vinteren med mykje snø gjekk ho fram og attende til skulen. Men eit av samtidsvitna mine, Olav Hetlesæter, som opplevde Eli i skulestova, fortel om ein aktiv og engasjert pedagog. Ja, ho hadde overskot til å vera med elevane på uteaktivitet, sjølv om ho hadde sykla eller gått frå Hystad til Agdestein om morgonen. Dei dagane ho underviste i Sagvåg høvde det slik, at ho og sykkelen fekk skyss med ein lastebil om morgonen, men Eli sykla heim til Hystad på ettermiddagen.
Etter at Eli Hannisdal hadde vore med mannen på oppdrag for Kinamisjonen og seinare etablert heim og familie ved «Drømmehaugen» byrja ho på nytt i skulestova etter siste verdskrigen. Dette var ein fast jobb ved Hatland skule som Eli sykla til. Men bruk av sykkel og gåturane frå og til skulepostar hadde ført til slitasjeskadar i knea. Legen meinte ho måtte skaffa seg eit motorisert framkomstmiddel skulle ho kunne halde fram i læraryrket. Turen gjekk difor til «Smia i Leirvik», der ho vart tilrådd å kjøpa ein «Tempo Lett», eit køyrety som var enkel i bruk og med høveleg fart. Petra meiner det var Håkon Thorsen som sto for opplæring og instruksjon då mora tok ut på sin første tur innover Borggata mot Hystad. Eli fekk opplysning om at «her er kløtsj og her er gir, gass og brems», og så vart ho skubba i gang. Håkon sprang på sida av mopedisten og instruerte, og ungar som var i området, kappsprang med henne. Farten var moderat framom Sagenes si forretning og bakeriet til Bore, men så gav Eli gass, hadde ho fortald. Her køyrde ho frå både instruktøren og halehenget av skodelystne ungar.
Dette var ei tid då få hadde denne type køyrety, og det var heilt spesielt at kvinner kjøpte sykkel med motor. «Tempo Lett» vart etter kvart eit svært populært moped, og i dokument frå produsenten Jonas Øglænd, finn eg at modellen hadde 50 cm3 motor, to gir og max. fart 30 km/t. Men det nye køyretøyet i heimen på Hystad freista, og Petra minnast at det ikkje gjekk lang tid, før ho òg vart «motorisert».
Munnleg kjelde: Petra Hannisdal, f 1930
Sunnhordland» 9.7.18.
Oddbjørn Kvålsvold

