Då stuert Brose kom heim

Foto: Privat

Mange av dei eldre på Stord hugsar enno gleda og folkehavet som var på kaien då krigsfangar og uteseglarar kom attende etter siste verdskrigen. Werner Hagerup har fortalt at han ofte var med musikklaget og spelte på Nattrutekaien ved slike høve. Mange av informantane mine har fortalt levande om synsinntrykka sine og den store gleda som folk viste dei som kom attende etter mange vanskelege år i uvissa.


Brose Valvatne (1910 – 1996) var ein av dei som segla ute under siste verdskrigen. Han kom først heim fredsvåren 1945. Hans yrkeskarriere på sjøen byrja tidleg. Som unggut tok han stuertskulen i Tønsberg vinteren 1935 – 36. I ein samtale med Brose si dotter, Hanna Eldøy, fortel ho om dei vanskelege åra foreldra hennar opplevde. Hanna hugsar at dei fortalde om trulovinga i 1939 og planane om at faren skulle ta hyra i utanriksfart for å spara pengar før dei gifta seg og stifta familie. Men slik gjekk det ikkje. Hitler invaderte Noreg, og for dei trulova vart det 5-6 lange år i uvissa og med angst før planen kunne realiserast.


Brose Valvatne segla mykje på austkysten av Amerika og Canada i krigsåra, men hadde og fleire konvoiturar over Atlanteren. Mor til Hanna, Ragna f. Bjelland (1918-2011), fekk berre eitt livsteikn frå uteseglaren under heile krigen, eit lite sensurert «Rødekorsbrev». Så snart Brose fekk mønstra av etter Tysklands kapitulasjon, prøvde han å få plass med båt til Europa, men det viste seg å vera svært vanskeleg. Han stilte i kø på det Norske konsulatet i New York kvar dag for å skaffa billettar til Noreg utan å lykkast. Vidare var Brose inne på tanken om å ta heimreisa via Sør Amerika, for rykta sa at det var enklare.


Men som Hanna seier, «skjebnen er underfundig», for ein dag faren sto i «konsulatkøen», var det ein kjenning frå Valvatna som helste på han. Dette var skipper Per Valvatna på «MS Margrethe Bakke». Han skulle til Noreg dagen etter, og Brose kunne få mønstra på som «hjelpesmann» på passasjeravdelinga. Denne gladmeldinga vart formidla til Ranga på Bjelland , med ynskje om at ho skulle reisa til Oslo og ta mot kjærasten sin når båten klappa til kaien. Hanne fortel om familien som organiserte reisa til mora. Båt til Bergen, tog til Oslo og husrom hjå ein slektning, Sivert Bjelland, som budde der borte. Me kan knapt ana kva storhende dette var for Ragna, ikkje berre skulle ho få treffa att forloveden, for ho hadde reist lite og knapt vore utanfor Storden.

Hanna fortel om mora sine minne frå då ho møtte opp på Oslo Brygge og tok mot «MS Margrehte Bakke» og faren. Ragna og husvertane hennar i Oslo vart og bedne ombord i båten og fekk servert eit måltid som få hadde opplevd maken til under dei fem okkupasjonsåra Noreg. Etter to dagar i Oslo reiste Ragna og Brose kystvegen til Bergen og attende til Stord. I ettertid har denne turen vorte kalla «førebryllaupsreise» i den nære familien.



Tradisjonen fortel og om den storslegne mottakinga venene og familien deira hadde planlagt då kystruta kom til kaien på Vikjo. Frå Valvatna kom dei med pynta hest og storkjerra som stod klar på Nattrutekaien for å frakta krigsseglaren heim. Samtidsvitne (Anny, Liv, Ada og Else) var nett ferdige med handarbeidstimen hjå fru Olsen på Leirvik folkeskule då dei høyrde båten fløyte. Dei tok til palings mot kaien for å sjå «tante» stiga på land med sin kjærast. Og dei vart ikkje skuffa, dei fekk sjå ho koma på land i sine nye «Amerikaklede» som Brose hadde kjøpt, og smaka appelsiner som krigsseglaren hadde med til heimkomsthelsing.


Munnleg kjelde: Hanna Eldøy


Sunnhordland» 01.11.17.


Oddbjørn Kvålsvold