Sæbjørns-Adnesekjo – husmannsplass og lærarbustad

Somme av dei gamle husmannsplassa fekk namn etter dei som budde der. Dei fleste etter husmannen, men nokre få også etter huskvinna. Men berre for eitt einaste plass er begge namna komne med. Det er Sæbjørns-Adnesekjo i Sagvåg. Plasset ligg på sidevegen ned frå Sagvåg bru, og har i dag adresse Einarsdalen 7.


I 1830 slo Sæbjørn Bertelsson og Kari Olsdotter seg ned som dei første plassfolka i Buneset «som ei forhen af Huusmann har været beboet». Han var frå husmannsplasset Sagvågen og ho frå Almåspodlen. Dei budde i det gamle Bunes-tunet nede ved Sagvåg bru. Kari døydde i 1837 og etter fem år gifta så Sæbjørn seg med Anna Madsdotter frå Eskeland. Rundt 1847 flytte dei til det stykket som seinare er nemnt som Sæbjørns-Adnesekjo. Det tyder «den frodige, våtlendte enga» der Anna (Adna), enkja etter Sæbjørn, budde. Han døydde i 1866 medan Anna levde ti år lenger. Begge vart rundt sytti år gamle.


«Sæbjørns-Anna stykket», som det står i gamle papir, var berre vel 2 mål stort. Folketeljinga i 1865 fortel at dei då hadde to storfe (vel ku og kalv) og sådde ei halv tønne med havre og det same med poteter. Ti år seinare, då Anna var enkje, er det tale om ei ku, ei kvart tønne havre og 3/8 tønne poteter. Men då laut Anna også få litt frå fattigkassa. Det er grunn til å tru at Sæbjørn i si tid har hatt inntekter frå tilfeldige jobbar, kanskje helst sagbruksarbeid rett nedanfor. I eldre tid heitte vegen forbi stykket Tømberstøvegen som gjekk ned til Tømberstøo.


Det er uklart om det budde folk på plasset etter at Anna var død. Eng og åker vart nok brukt av Mathias M. Sagvåg som eigde stykket.


Ola Aa, «Aa’en» kom til Sagvåg som lærar i 1916. Året etter fekk han kjøpa Sæbjørns-Adnesekjo, og han og kona Kaia bygde seg så hus der. Men seks år seinare selde dei til Stord kommune som nytta huset til lærarbustad. Det budde ein lærar i nederste etasje og ei lærarinne i øverste.

I 1956/57 vart huset utvida og modernisert. Men ikkje utan debatt i kommunestyret. Det kløyvande spørsmålet var om ein no skulle kosta bad i huset. «Handi i veret dei som ikkje har bad i huset!», sa ein av representantane. «Det viste seg at det store fleirtal ikkje hadde det.» Men baderom vart det likevel.



Mot slutten av 1970-talet leigde kommunen ut til andre enn lærarar. Huset vart ikkje vedlikehalde og til slutt var det ståande tomt. Det vart rive i 1989. Men kommunen eig framleis stykket.


Kjelder: Eige manus til ny busetnadssoge for Stord. Digitalarkivet. Syvert Birkenes: Sagvåg skule 50 år. http://skole.stord.kommune.no/sagvaag/pdf/skulehistorie_birkenes.pdf. Referat i Sunnhordland 23.08.1955.

 

«Sunnhordland» onsdag 7. juni 2017


Egil Nysæter