Minne fra kommunesalen i Trudvang
Ein av veteranane i styre og stell på Stord, Johann Belsvik, var ungdomskandidat på lista til kommunistane i 1951 og vart vald inn som 1. varamann. Ein av representantane deira hadde mykje sjukefråver, og Belsvik møtte på mest alle møta. Denne fyrste perioden i politikken vart såleis starten på eit stort samfunnsengasjement som har kjenneteikna Johann gjennom heile livslaupet og langt inn i pensjonisttilværet. Eg har vore så heldig at han har delt mange av livsminna sine med meg, men her vil eg berre fortelja nokre minneglimt frå då «gamlekarane» styrte kommunen frå salen i Trudvang, der Ola Høyland og Onar Onarheim hadde ansvaret for ordførarklubba.
Representantane satt på denne tid på benker langs langbord, dei borgarlege ved eit og arbeidarpartiet og kommunistane sine representantar langs det andre. Her var mykje nytt å forholda seg til fortel Johann, sjølv om han hadde organisasjonserfaring både frå ungdoms- og idrottslag. Nokre av representantane ved det «raude langbordet» nytta snus og skråtobakk og hadde ein spyttebakk under bordet. Denne levde sit eige liv og vandra att og fram under kommunestyremøtet, transportert med beina. Johann hugsar at Knut Huseth frå AP og Andreas Rekve som representerte kommunistane, samarbeidde flittig for å sikra at spyttebakken kom på rett plass til rett tid. Belsvik kan ikkje minnast at dei borgarlege hadde eit slikt hjelpemiddel tilgjengeleg under sitt bord. Den første tida Johann var medlem av kommunestyret sat Ola Høyland i ordførarstolen, og seinare tok Onar Onarheim over styringa. Høyland var ein tolmodig ordstyrar og tillèt at representantane hadde både 3 og 4 innlegg til same sak. Johann fortel om ei sak som kom opp heilt på tampen av eit møte. Fleire frå Gruo vart sterkt engasjerte, og debatten ville ingen ende ta. Då høyrde han Rasmus Rommetveit som var formannskapssekretær og skreiv referat, kviskra til ordførar Høyland: «Ola, Ola, du må gripa inn og stoppa dette, for eg har ført inn referatet i protokollen».
Når Johann tenkjer attende til dei første åra i denne «aldrande forsamlinga», så minnest han fleire episodar der hans store engasjement i enkelte saker opprørte fleire av dei borgarlege representantane. Ja, det hende fleire gonger at ordførar Høyland og seinare Onarheim måtte kakka i bordet for å roa ned den engasjerte Belsvik. Spesielt i saker som galdt dei unge i stordsamfunnet, eller hadde ein sosial profil, vart han ofte kvass i replikkane, vedgår han. Ei slik sak var då kommunestyret handsama kommunal garanti og tilskotslån for husbyggjarar. Eit fleirtal ynskte forskjellige satsar, noko for dei etablerte, og lågare summar for dei som var meir usikre lånetakarar. Dette pirra Johan sin «sosiale intelligens» til brestepunktet og han heldt eit engasjert innlegg om at det ikkje var rett av kommunen å gjera skilnad på folk. Ei av dei borgarlege representantane, Elisabet Dale, tok då ordet og forkynte moderlig. «Eg har så lyst å koma over bordet og rista han der Belsvik i luggen» Dette var ein av dei få gongene den alvorsfulle forsamlinga braut ut i ein braklått, minnast han.
Då Onarheim tok over ordførarklubba, vart det eit lite vegskilje. Han var meir rasjonell i si ordførargjerning og bad representantane ikkje gjenta seg sjølv i mange og lange innlegg. Johann fortel om fleire frå gruvemiljøet som var aktive og bad ofte om ordet til sakene. Han hugsar spesielt ei sak som vart langdryg med mange innlegg. Ein av representantane frå det borgarlege langbordet var advokat Leif Baugstø, som og var ein aktiv debatant. Han bad ofte om ordet, og i denne saka for fjerde gongen, men Onarheim summerte opp og sa at saka no var godt opplyst, og han ville ta ho opp til avrøysting. Men advokat Baugstø forkynte. «Jei hadde hånden i været». Men ordføraren repliserte: «Me dreg ikke ordskiftet lenger ut», og gjekk vidare på sakslista. Dette resulterte i at representanten Baugstø samla saman papira og la dei i den brune konvolutten. Han reiste seg så og gjekk mot døra, stoppa ved kakkelomnen og putta konvolutten inn i flammane. Ordføraren kvakk til og spurde. «Hva er dette for noe»? Representanten som var på veg ut døra, snudde seg og forkynte. «Jei går nu hjem, for jeg har visst ikke noe mere på dette møte å gjøre».
Munnleg kjelde: Johann Belsvik f. 1929
«Sunnhordland» måndag 7. november 2016
Oddbjørn Kvålsvold


