Minneglimt frå eit gardstun med tradisjonar
Ein av dei som har gjeve meg innsyn i Stord si lokalhistorie, er Per Lundemannsverk. I ein samtale om gardsdrift kunne han fortelja at det i tidlegare tider t.d.v. slutten av 1800-talet, hadde vore hestevandring på garden. Hestevandring var ei teknisk innretning der ein nytta hestar til å trekkja roterande maskiner, m.a. treskeverk og kverner. Det vart ofte nytta to hestar som gjekk i ring og trekte drivverket til maskina som fekk krafta overført med tannhjul og aksling. På Lundemannsverk stod hestevandringa utanfor den eldre driftsbygninga som vart erstatta i 1933.
Far til Per fekk skøyte på garden i 1917, ei tid då produksjon av korn var vanleg òg på Stord. Driftsmåten den gong var arbeidskrevjande, for sjølv i Per sine oppvekstår vart kornåkrane hausta med sigd, og kornbanda turka på staur. Han minnest korleis dei skar for hand, laga bendlar og utforma passe store kornband. Banda vart sette i rauk, klynger med rotenden ned, før dei vart hengde på staurar. Dei nytta kraftige staurar som var spisse i kvar ende. For å nå opp med banda stod dei på ein staurkrakk, fortel Per. Dette var spesielle staurar der det var sett att ein liten kvisttapp litt oppe på stauren som skulle hindra at kornbanda seig ned på bakken. Var torkevêret lagleg med varm haustvind, turka kornet snart og var klar for innhausting. Staurane med kornbanda vart køyrde inn i låven, stauren dregen av og lagra til neste års bruk.
Treskedagane i bygda har eg skreve om tidlegare, men ei anna viktig hending var bakedagane. I Per sin oppvekst var det sedvane å ha faste bakedagar i eldhusa rundt om på gardane. Mora leigde alltid inn tanta, Karina Lunde, som hjelp på bakedagane. Flatbrød, lefser og «haringekaker» vart produserte i store mengder. Eldhuset var eit av dei gardshusa som flittig var i bruk heile året. Når dyr skulle slaktast, var alltid eldhuset i bruk Her vart skåldevatn til å fjerna busta på grisen varma opp, og slaktet partert og foredla. På vaskedagane var òg eldhuset sentralt, fortel Per. Her vart vatn varma opp i ein stor koparkjel og kviteklede kokte før vidare handsaming i trestampane og på vaskebretta. Per har òg livsminne om turar med hest og kjerre til sildoljefabrikken på Kjøtteinen for å henta storsild. Silda vart reinska og salta i eldhuset før ho vart hengt opp under taket klar for røyking. Spesielt under siste verdskrigen var heile eldhuset fylt med sild som skulle foredlast til lubbesild. I eldhuset på Lundemannsverk er det ein turkeomn for korn. Denne var eit hjelpemiddel som vart nytta for å få kornet turt og «sprøtt» før dei køyrde det til Frugardsmølla. Korn som ikkje var turt nok, fekk difor eit opphald i turkeanlegget på den oppvarma flata. Turkeomnen i eldhuset vart og nytta under tilverking av øl, fortel Per, som har teke vare på mykje av utstyret dei nytta samband med ølbrygging i eldre tider.
Per Lundemannsverk fortalde at han heldt på tradisjonen med å så litt bygg og havre heilt inn i 1960-åra. Frugardsmølla slutta av drifta i 1950-åra, så Per måtta ta traktorlasset med til bygdemølla i Sagvågselva dei siste åra.
Munnleg kjelde: Per Lundemannsverk (1937-2018)
«Sunnhordland» 21. sept 2020
Oddbjørn Kvålsvold

