Minne frå landsturnstevnet i Halden

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Turnmiljøet har vore ein svært viktig faktor for dei som voks opp i Stord kommune. Mange som eg har hatt samtalar med om livsminne, har forteljingar om innsatsen til Åshild Nitter og Tor Haugland. Desse to var nok i stor grad pådrivarar i turnmiljøet og var med og la til rette ei ramme for gode, positive ungdomsår. I Årboks til Stord sogelag for 2014 skildrar Kristi Yttredal Moe det «indre liv» i turnmiljøet på ein framifrå og levande måte. Eg vil i denne korte artikkelen fortelja litt frå dei minneglimt ei av deltakarane, Tordis Vikene, hugsar frå Landsturnstevnet i Halden i 1954.

 

Tordis fortel om den glede det var i jentegruppa då dei fekk veta at det vart tur til landssamlinga. Ja, ein tur til Halden var reine amerikaturen i 1950 -åra. Dei yngste vart plasserte på lastebilen til Sverre Litlabø, og dei eldre og vaksne vart køyrde i ein buss frå Haugesund. Litlabø hadde på denne tida sin legendariske Diamond med trebenker og lasteplankasse med presenning til tak. Turen gjekk austover på skranglete grusvegar, med første overnatting i Vinje. Leiarane arrangerte turnoppvisning på ei stor grassmatte i Telemark, men oppvisninga vart skadelidande av den aggressive myggen som forsynte seg med vestlandsblod.


Reisefylgje hadde og ei overnatting på Kongsberg før dei kom til stemnebyen Halden. Her var det ordna med privat innkvartering og venninna Gerd Vikanes f.Lekven og Tordis budde hjå eit ektepar som var baptistar. Venninnene hadde stor respekt for vertskapet som budde i eit stort hus bak ein diger treport i plankebyen. Den brusande elva med store fabrikkbygg på begge sider er minne som sit att frå opphaldet.


Fellesmåltida vart serverte i ein stor hall inne i byen, mens turnkonkurransene gjekk føre seg på stemneplass ved festningen i Halden. Om kveldane var det dans og moro, så dagane gjekk fort. Tordis hugsar at nokre av gutane, med Magne Mugaas som instruktør, oppnådde toppresultat på stemnet, og Stordtroppen var kry av sine resultat. Ein av dagane i Halden arrangerte Sverre Litlabø utanlandstur for deltakarane. Handleturen til Strømstad vart ein minnerik oppleving for deltakarane, då få hadde kryssa landegrenser før. Vidare køyrde Sverre feil på vegen attende til stemnebyen. Han kom i tidsnaud og for seint til fellesoppvisninga. Men heile oppvisninga vart i grunnen ein fiasko, fortel Tordis. Eit skikkeleg uver kom inn over plankebyen under fellesoppvisninga, det tordna og lynte i eitt, og regnet hølja ned.


Heimturen var planlagt over Hardangervidda med stopp på Holms hotell på Geilo. Turen ned gamlevegen i Måbødalen var mange spent på. Dette var ei førstegongs oppleving for mange, og dramatikk oppsto nede i svingane. Vegen var sperra av ein danskregistrert bil som sto på tvers i vegbanen. Men Sverre visste råd, hugsar Tordis, han gjekk ut og prata med den vettskremte dansken. Fekk overta bilen og køyrde han på «trygg grunn», før han snirkla seg ned den bratte, svingete vegen som då gjekk på utsida av mange bratte stup.


Dei vaksne og eldste gjekk på restaurant og kafear på overnattingsplassane, mens dei yngste tok ut ungdomskjæta og energi ved å utforska tettstadene gatelangs. Tradisjonen fortel og om oppslag i lokalaviser der det vert fortalt om vitjing «av ein gjeng på gjennomreise som høyrdest att».


Munnleg kjelde: Tordis Vikene f. 1936