Ulvestova i utmarka og jakt på ulv
Me som er i oldeforeldregenerasjonen, har mange livsminne frå ei tid då me nytta det meste. Sjølv om dei fleste av denne generasjonen har høve til å «slå ut håret og leva det gode liv», så opprettheld me ein nøktern livsstil. Livsminna frå vår oppvekst i førkrigstida, i krigsåra og med rasjonering inn i 1950 åra har forma oss. Dette var framleis ei tid då folk flest måtte leva sparsamt og nytta det meste. Mange har fortalt meg minne om ein oppvekst og livsstil som er eit kvantesprang frå dagens. Sjølv om dette høyrer til vår nære fortid, vil eg gje att nokre minneglimt frå kvardagen i denne tidsbolken.
Livsminna Torgils Engevik har fortald meg, synleggjer at borna vart tidleg trekte med i gagngs arbeid. Som seksåring fekk han si første øks, eit verktøy han vart brisen for og tok godt vare på. Men gåva var og meint skulle koma til nytte i det daglige, og han hugsar at det vart hans oppgåve å hogga småved. På heimgarden på Øvre Eskeland hadde dei ein stor kisteomn som hadde to kokeplassar med ringar. Spesielt i sumarhalvåret vart småveden han pikka opp av tynne bjørkegreiner og anna lauvved frå heimabøen, nytta til brenne. Ilegginga skjedde ved at ein tok vekk panna eller ringane på omnstoppen og fylte på småveden. Vassbering til dyr og folk i lagga trebøtter var oppgåver for ungane etter kvart som dei voks til, med og utan vassele.
I sterk kontrast til dagens bruk- og kastsamfunn, står minna hjå oss eldre om korleis utstyr vart teke vare på og utnytta, og korleis klede og husgeråd vart hegna om. Torgils fortel om då han og faren køyrde tømmer og eine kilen på drettet mista tuppen. Faren hekta kilen av og sende sonen bort til Ola Solhaug som hadde smie. «Olderen» som smeden vart kalla, fyrte opp i essa og tynna ut ny spiss og herda drettekilen på nytt. Etter ei tid spratt spissen på kilen av på nytt, hugsar Torgils. Men då gjekk faren sjølv til smeden for å overvaka reparasjonen.
I ein samtale med Knut Horneland fortel han om korleis det var vanleg å utnytta skogsvirke. Han har minne frå krigsåra då tyskarane hogg ut skog på Hornelandsgarden. Men dei som felte furutrea for krigsherrane, arbeide ikkje etter regelen at «ein tomme ved rota gir ein alen i toppen». Så far til Knut sytte for at det vart rydda skikkeleg ved rota, og så fekk dei ein god vedakubbe av stubben som stod att. På denne tid vart alt teke vare på og nytta. Greiner og skat vart samla saman og køyrt til gards til brenne. Borken som var fjerna av tømmeret før det vart køyrt vekk, vart raka saman med rive og fylt i sekker.
Denne småveden og borken vart nytta til brenne i sumarhalvåret, når mat skulle lagast og vatn varmast, fortel Knut. Ja, for omnane måtte fyrast opp kvar dag til matlaging og brødbaking, sjølv om det var 20 – 30 varmegrader ute. Me må hugsa på at rikeleg kraft kom først til Stord i 1952, då Sunnhordland Kraftlag kunne levera frå anlegga i Matre. Men å investera i elektriske komfyrar og varmeomnar, var nok urealistisk for dei fleste hushaldningar før fleire år seinare.
Mange har fortald om korleis kvinnene sydde klede og reparerte til seg og sine, og ungane tok over både sko og klede etter eldre søsken. Godt brukte klede vart spretta frå ein annan og nytta og omforma både til vaksne og ungar. Så «bruk- og kastmentaliteten» har nok først fenge fotfeste hjå folk flest, no i vår nære fortid. Ja, det er få i dag som fylgjer tradisjonen om å skifta mellom kvardags- og søndagsklede.
Munnlege kjelder: Torgils Engevik f. 1929
Knut Horneland f. 1939
«Sunnhordland» fredag 29. januar 2016
Oddbjørn Kvålsvold

