Det kom mange innflyttarar til Stord
Om ein stiller med innflyttarblod av første, andre eller tredje generasjon, så er tankespelet rundt kva har strandstaden Vikjo vore utan innflyttarar interessant? Ved folketeljinga i 1900 vart det registrert 50 hus og 334 menneskje på Leirvik, mens det i 2020 budde vel 14000 i tettstaden.
Den bergverkskyndige konsulenten Christian A. Münster ville satse på gruvedrift på Stord i 1906, men meinte det var trong for å tilføra arbeidskraft skulle ein få fart på gruvedrifta på Øvre Litlabø. Han skreiv i sin rapport om forholda. « Problemet er at dei innfødde, (som han kalla dei), eller fiskerbonderacen, ikkje arbeider raskt nok… Mens dei profesjonelle gruvearbeidarane, den såkalla gruveslusken drakk for fire, men arbeidde for to». Ja, fram mot 1920- åra kom det mange «gruvesluskar» til Litlabø.
I det fyljande vil eg trekkja fram nokre av dei framsynte, idérike gründerane som busette seg, og starta aktivitet på Leirvik og nærområde i det 20. århundre. Me kjenner godt til kor viktig hermetikkindustrien vart for tettstaden då fabrikkeigar C. Hoge Thiis med hjelparane Maria og Kristoffer Blom frå Stavanger starta opp «Thiisafabrikken» i 1907. I 1957 tok stavangerfirmaet Rønneberg Preserving over og held fram drifta til 1964.
Chr. Baardsen frå Haugesund kjøpte strandlinja mellom Nattrutekaien og Kloven i 1916 og bygde hermetikkfabrikk på tomta. Fabrikken hadde fleire eigarar og namn, men er nok best kjent som «Bøschen». Ein fabrikk som var i drift fram til 1960. Inne i Evjo var det òg fabrikkar som dreiv og foredla sjømat alt frå 1909. Og i 1946 kjøpte Ivar Landrè d.e.. frå Oslo ein av dei, Stord Canning. Sonen med same namn tok over drifta og foredla krabbe m.m. til midten av 1950 åra. Nye eigarar frå Stavanger utvida drifta og foredling m.a. hønsekjøtt i 1950-åra under namnet Lester Preserving. Fabrikken avslutta drifta rundt 1960. Meir om hermetikkindustrien på Leirvik og kvifor dei vart nedlagde, finn ein i årsskriftet til Stord sogelag for 2013.
Av driftige tilflyttarar som etablerte seg på Leirvik er det mange, og nokre av verksemdene har eg heidra før med omtale i årsskrift eller i boka, «Minneglimt frå levde liv» som kom ut i 2019. Her vil eg berra nemna nokre av dei med namn, driftige folk som har sett varige fotefar etter seg i stordsamfunnet. Ole Olvik etablerte Furuly helseheim i 1908, og som i 1959 vart distriktssjukehus for Sunnhordland. Ole Oma frå Strandebarm starta båtbygging på Døso i 1909. Karl Gulliksen kom frå Stavanger i 1894 og starta først ei urmakarverksemd, men etter kvart etablerte han Leirvik mek. verkstad og utvikla «Stord» – motoren.
Teodor Onarheim flytta frå husmannsplassen Vågen i Kvinnherad og etablerte seg på Stord i 1919. Dette vart eit vegskilje for bondesamfunnet på Stord, og mange ville ikkje ha den «stinkande» sildoljefabrikken i nærområdet. Men ei rettsavgjerd avviste klagene. Då skipsbyggeriet utvikla seg på Kjøtteinen etter siste verdskrigen, vart det trong for nye fagfolk. Stord hadde lange tradisjonar med treskipsbygging, men stålkonstruksjonar vart nye utfordringar. Difor måtte Onar Onarheim som då var disponent, henta mykje av spisskompetansen frå omverda. Frå Bergen kom skipsingeniør Rolf Ellefsen og frå Horten sveiseforman Karlsen. Og skipsbyggjar Leif J. Nilsen frå Moss, vart tilsett som merkeleiar på avslåingsloftet. Frå Bergen mek. verkstad kom fagarbeidarar innan faga; plate, sveis og rør; Trygve Olsen, Victor Gillstrøm og Harry Neset for å nemna nokre.
Skriftlege kjelder:
- Øyvind Bjørnson: Gruva – 1991
- Yngve Skjeæveland: Stord frå olje….., bind III
- Stord sogelag – årsskrift 2013
- Særutgåve av «Systemposten» – 1949
«Sunnhordland» 7. april 2021
Oddbjørn Kvålsvold

