Ungdom i «Arbeidstjenesten» under 2. verdskrigen

Foto: Privat

I denne artikkelen vil eg skriva litt om Arbeidstenesta (AT) som var ein kjent organisasjon under siste verdskrigen, men som i dag er ukjent for mange. Årsaka til at eg ville sjå nærmare på deira aktivitet, er at nokre av dei eg har intervjua i minneinnsamlinga måtte tenestegjera i organisasjonen.


I fleire europiske land vart arbeidsteneste innført i mellomkrigstida, og Hitler-diktaturet i Tyskland såg på dette som førebuing til militærlivet og eit forum for idelogisk påverknad. I Noreg organiserte nokre privatpersonar eit slikt tiltak alt i 1937 og i 1940 sette Administrasjonsrådet i Noreg i gang ei frivillig arbeidsteneste. Desse skulle hjelpa til i nyttig samfunnsoppdrag med anleggsarbeid., innhausting og skogsarbeid, og «Departementet for arbeidsteneste og idrett» såg dette som eit verktøy for å gjennomføra NS-regimet (Nasjonal Samling) sin politikk.

Frå 1941 gjorde okkupasjonsmakta i Noreg tenesta obligatorisk for menn i vernepliktig alder. Forskarar fortel at storparten av AT-leiarane hadde vore norske offiserar, og at i 1944-45 var 90 % av stabsoffiserane i arbeidstenesta NS medlemmar, 80 % av troppsførarane og 59 % av lagførarane. Eit gjennomsyra nazistisk styrt tiltak med Vidkunn Quisling på toppen.


Arne Berger frå Leirvik vart utkommanderte til å delta i AT, som frå 1941 var ei obligatorisk plikt for menn i vernepliktig alder, tilrettelagt etter militært mønster. Tradisjonen fortel at det var bygd opp ca. 50 AT-leirar rundt om i landet. Arne vart utkommandert til arbeidstenesteleiren på Mo i Vikedal. Denne leiren vart nytta til ungdom som var innkalla frå Hordaland og Rogaland. Frå mai i 1941 vart det mogleg å tvangsutskriva folk til Arbeidstenesta etter at NS-statsråd Axel Stang tok over departementet for «arbeidsteneste og idrett». I Vikedal var det bygd ein leir med eit titals store og små bygningar. Bilete frå leiren viser mannskap- og befalsbrakker, matsal, kjøkken, vaktbrakke med «kakebu» og kinosal. Vidare var det depot-brakker, vedhus og idrettsanlegg.

Arbeidstenesta var ei tre månaders pliktteneste under militær kommando, som seinare vart utvida til seks månader. Arne Berger fortel at dei 135 ungdomane som vart innkalla i kvart gruppe, fekk grøne / brune uniformer. Den første månaden hadde dei eksersis, der geværet var skifta ut med blankpussa spadar. Etter perioden med rekruttskuleopplæring var han med på ymse arbeid rundt om i bygda. Arne fortel om fysisk arbeid med vedhogst, skogplanting, grøftegraving, vegarbeid og rydding av kulturbeite. Tradisjonen fortel at ungdomane frå leiren hogg fem hundre famnar bjørkeved og to hundre kubikk tømmer i 1944. Vidare sette dei varige fotspor etter seg i bygda, då dei starta opp eit større dreneringsarbeid med bygging av Eikelandskanalen. Dette er ein kanal på om lag 1,3 kilometer som skulle tørka opp store områder med myrlendt, uproduktiv jord.


Stort sett tykte folk at AT var eit nyttig tiltal, sjølv om både London-regjeringa og Heimefronten appellerte til boikott av Arbeidstenesta. Men då okkupantane byrja og tvangsutskriva arbeidskraft i 1944, og rykte om overføring av ungdom som hjelpestropper til Øst-fronten, snudde stemninga. I denne perioden utført Heimefronten fleire sabotasjeaksjonar mot AT- arkiv. Den mest kjente for stordabuane, var den John Hatland var med på i Oslo. Her vart dei rulleførte årsklassane for 1944-45 øydelagde, og innkallinga til teneste var uråd. John Hatland med røter frå Stord, var då 20 år. Han og to andre frå motstandsrørsla vart arresterte av tyskarane etter aksjonen. Dei vart utsette for tortur og avrett på Trandum 26. mai i 1944. Som kjent fekk Stord sogelag og andre gode krefter, m.a. Arne Horneland, reist eit minnesmerke ved Hatland skule om hendinga.



Kjelder:           Arne Berger (1923- 2017)

Anstein Lohndal: «Spadens soldater»

Digitale kjelder – artiklar i Wikipedia


«Sunnhordland» 5.oktober 2020


Oddbjørn Kvålsvold