Ei av våre tradisjonsberarar

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ei av dei som har sett merke etter seg på Stord, er Martha Lohndal. Martha som no har runda 92 år, voks opp på Bokn og måtte tidleg ta ansvar i heimen då mora døydde frå mann og ungeflokk. Til Stord flytta ho i 1962 då mannen Anstein tok til som lektor ved det nyoppretta gymnaset på Vikahaugane.


Martha, som voks opp i bondesamfunnet og med husflidtradisjonar, vart elev ved Stord Husflidskule i vaksen alder og mange år aktiv i husflidmiljøet i kommunen. I ein periode dreiv ho ei lita vevstove i kjellaren, i lag med Elise Westerheim. Martha har òg gode minne frå tida i lag med Kjellaug Guddal Sæbø i Tverrgardsvegen, der Stord husflidlag dreiv vevstova. Dette var eit kreativt miljø, og ho fekk utlaup for sine skaparevner ved vevstolen. Sjølv hugsar eg nokre av produkta som vart viste fram på ei utstilling husflidslaget hadde i Fengslet. På denne utstillinga viste Martha ein fin biletevev av oppklypt not og ullgarn, dekorert med små keramiske fiskar. Eg vil og nemna at i ein periode var Martha Lohndal tilsett ved Stord Husflidskule.


Ved kommunevalet i 1983 vart Martha valt som 1. vara på Senterpartiet si liste og medlem i helse og sosialstyret. Ho fortel om 12 travle år i eit utval som fekk nye utfordringar etter at kommunen gjekk inn i oljealderen. Dei 6 siste åra var ho leiar for utvalet, og fekk såleis ansvar for å vera med å løysa flokane på baksida av «medaljen».


Vidare vart ho sterkt engasjert då kommunen i 1982 sikra seg Hageruphuset som samlingsplass og aktivitetshus for dei eldre i kommunen. Martha vart med i ei arbeidsgruppe som skulle vurdera bruk og drift av det ærverdige huset i sentrum av Leirvik. Ho minnest kor spanande det var då dei tok til med restaureringa av veggene på loftet. Her var lag på lag med tapet, før dei kom inn på tømra som var tetta med gamle aviser.


I dei siste 15 åra før Martha vart pensjonist, arbeidde ho ved Sunnhordland museum (SM). Her fekk ho oppgåva med å registrera og kvalitetssikra utstyret i tekstilavdelinga. Dette var arbeidsoppgåver som ho treivst med og følte eigarskap til. Vidare hadde ho oppgåver ved museet sine bygningar i Etne og Mauranger, der det òg var trong for gjennomgang av tekstilsamlinga.

Martha minnest med glede prosjektet ho og undervisningsleiar Sigurd Riise gjennomførte med oppstadveven ved museet. Oppstadvev eller oppstadgogn er ein urgamal type vevstol som er kjent frå arkeologiske funn i heile Europa og kan førast attende til fleire tusen år f. Kr. Det mest typiske er at veven står oppreist mot ein vegg, og at renningstrådane strammest med lodd. Den gamle veven på museet vart sett i stand, lagt renning på, og den urgamle vevmåten synleggjord. Dei tekstil- og tradisjonsinteresserte kan sjå oppstadveven på tekstilavdelinga på SM.


Eit anna område Martha har set spor etter seg er som aktiv hageeigar og pådrivar for å starta hagelaget på Stord. Laget ho var med å stifta gav mange gode opplevingar for medlemmene, med turar, utveksling av erfaring og byting av planter. Sjølv bygde ho og mannen Anstein, ein mønsterhage i eit område med furuskog og mykje store røter, utan maskinell hjelp. Her vart nærmare 250 rododendronar planta i lag med forskjellige typar magnolia, blåregn fikentre og andre sjeldne hageplantar. Denne sjølvkomponerte hagen har vore til glede for eigarane, men òg – ei oppleving for naboar og dei som går tur i området.


Munnleg kjelde: Martha Lohndal – f. 1925

Oddbjørn Kvålsvold


Sunnhordland» 5.2.18.

 

Oddbjørn Kvålsvold