Anleggsstarten på Stovegolvet

Det var i 1956 dei fyrste anleggsfolka rigga seg til på Stovegolvet for å sikra Sunnhordlendingane FM radio og TV sendingar. 703 høgdemeter over havet. Taubanen som Hordaland mek. verkstad monterte, vart nytta for å transportera utstyr, sand og sement. Banen gjekk frå kraftstasjonen ved Lundsæter og opp til anleggsområdet og hadde eit spenn på 400 meter opp til fyrste bukken. Sjølv om banen berre var sertifisert for varetransport vart den sporadisk brukt til «personbefordring».


Informanten min, Ingvar Lunde, som arbeide hjå W. Engelsen Ettf., fortel at arbeidet starta tidleg om våren og snø måtte ryddast vekk. Vidare vart det laga ein synk (brønn), for å samla vatn til støypearbeidet. Synken var ca. 2 ½ x 2 ½ meter, med god djupna og skulle samla opp vatnet på platået. Dei nytta ei bensindriven boremaskin med diamantbor for å slå hola. Bergarten i området var hard, nett som glas. Sivilingeniør Amund Engelsen leia sjølv arbeidet og hadde Olav Salmo med som bas. Amund hadde utarbeid salveplanen, med kileboring i midten og knusehol rundt. Informanten min, meiner at dette var ei av dei fyrste salvene der ein nytta elektrisk tenning på Stord.


Dei fire fyrste vekene, gjekk anleggsarbeidarane til og frå Stovegolvet kvar dag, men så vart det rigga til ei overnattingsbrakke der oppe. Ingvar hugsar at dei oftast gjekk bratthenget, langs Varabekken og så opp til høgre, på framsida av platået. Men på heimvegen vart turen lagt om Tyseskaret, for å unngå dei brattaste partia på nedturen. Det vart og tilrettelagt sti, med sikringsstolpar og kjettingen ovanfor Askedalen, men denne er i dag mest grodd att, fortel informanten min.


Salva som Amund Engelsen fyrte av for å laga brønn, var vellukka. Steinen i røysa hadde passe storleik og vart nytta i samband med støypearbeidet. Dei trong berre transportera opp sement og sand, «singelen» var allereie på byggeplassen. Entreprenøren bygde så fundamentet til teknisk bygg og seinare fundamentet til radio og TV masta. Til å blanda betongen, vart det transportert opp ei handdriven blandemaskin. Ingvar hugsar at «fortvilelsen» var stor, då dei skulle fylla betongen i forskalinga. Dei søkkvåte forskalingsborda som vart nytta, hadde tørka ut i vårsola, slik at mørtel «taut» ut mellom kvar bordgang. Betongarbeidarane til Engelsen ergra seg over dette, men i dag hadde sikkert arkitektar sagt at dette var planlagt utsmykking.


Utbygginga av Stovegolvsendaren i 1956 gav mange firma på Stord nye utfordringar, med strabasiøse gåturar opp bratthenget til arbeidsplassen. I dag slepp anleggsfolk denne type fysiske påkjenningar før arbeidsdagen tek til. Både utstyr, brakker og folk vert transportert med helikopter. Mastra som vart montert sendte sine fyrste FM signal utover Sunnhordland i 1957, og i 1969 vart det høve til TV mottak frå Stovegolvet.


I år vart det starta opp ny anleggsverksemd på Stovegolvet, platået har får ein ny attraksjon. Samarbeidet mellom Stord Fitjar turlag og SKL vil gi turglade, eit flott tilbod i «Trafostova».


Munnleg kjelde: Ingvar Lunde – f. 1937


«Sunnhordland» 30.nov 2014

Oddbjørn Kvålsvold