Det var den gongen
Stord sogelag har i mange år hatt ei fast spalte i Bladet Sunnhordland kvar fjortande dag. Det er eit samarbeid Stord sogelag har sett pris på. Me har også fått mange gode tilbakemeldingar frå lesarane. Medlemmer i Stord sogelag, og i nokre høve andre, har skrive forteljingar frå eldre og nyare tid.
I Bladet Sunnhordland 8. januar 2020 er det eit bilete på side 35 under tittelen «Det var den gongen». Biletet er frå eit skirenn på Solhaug på Fjellgardane i 1979, for 41 år sidan. Det var mykje folk og eit yrande liv. Det var 182 deltakarar. Biletet står også på framsida av boka som eg skreiv i samband med hundreårsjubileet til Stord IL i 2014. Boka heiter «Skisport i havgapet. Soga om skiidretten på Stord». Biletet fortel også om det gode samarbeidet me har hatt med Bladet Sunnhordland. Eg fekk bruka bilete i boka som eg fann i arkivet deira og i gamle blad. Forteljinga om skisporten er nyare historie, men det er viktig å ta vare på, for det fortel om endringane som har skjedd, og det fortel om korleis folk levde og hadde det i ei anna tid.
Under krigen hadde ein ikkje lov å arrangera idrettstevlingar dersom dei ikkje var i regi av den tyskvenlege idrettsorganisasjonen. I Bladet Sunnhordland fann eg ingen referat frå skirenn under krigen. Eg tenkte at då var det truleg ikkje renn dei åra. I arbeidet med boka etterlyste eg stoff som handla om skiidretten på Stord. Eg fekk inn mykje stoff og mange bilete. Ein dag kom dei og sa til meg at dei hadde funne nokre kladdebøker på loftet der Dagfinn Vatna hadde budd. Dagfinn Vatna var ein sentral person i Skigruppa i Stord IL både før og etter krigen. I kladdebøkene stod om skiløp i 1941 og 1942. I 1941 skipa Stord Skilag, som Skigruppa i Stord IL heitte den gongen, fleire langrenn, og i slutten av februar arrangerte dei Sunnhordlandsmeisterskap. Dei siste bilaga var datert 16. mars og 28. mars 1942. 16. mars kjøpte Stord Skilag 9 diplom hjå Grøndahl & Søns Bokhandel, og 28. mars kjøpte dei 4 pokalar hjå Gullsmed E. Underhaug. Alt måtte vera mest mogleg hemmeleg, så dei fekk koma til Underhaug om kvelden og ta ut pokalar. Skirenna var i området kring Lundarstøl eller høgare oppe i fjellet. Det står ikkje kven som var med.
I 1946 finn eg igjen reportasjar i Bladet Sunnhordland om skirenn. Det var tydeleg stor interesse for skiidretten denne første etterkrigsvinteren. Det var fleire renn, og 10. mars skipa dei eit skirenn med over 100 deltakarar. Denne dagen var det elles to andre storhende i skiidretten på Stord. Hoppbakken Lundekollen vart opna, og det var første gongen det var registrert at det var damer med i tevlingane. Formannen i Stord Idrettslag opna hoppbakken med ein stutt tale, og formannen i Skigruppa Dagfinn Vatna opna rennet med eit flott hopp på 18 meter.
Når ein går gjennom historia om skiidretten på Stord, ser ein at det også i tidlegare tider har vore ujamt med snø her på øya. Men jamt over var det meir stabilt enn det har vore dei siste 20 – 30 åra. Den flotte lysløypa i området Fjellstova/Lundarstøl har mange av desse åra mest ikkje vore i bruk som skiløype.
Klar til start. Langrenn på Heio januar 1980. 240 deltakarar.
«Sunnhordland» januar 2020
Atle Bjørn Mæhle

