Ei banknæring i utvikling
Me eldre som lever i dag har hatt eit livslaup som ingen makta å førestilla seg berre for nokre tiår sidan. Livssituasjonen og kvardagen har endra seg med kvanteskritt frå våre oppvekstår til dagens digitaliserte verd. Både heimane, kvardagen og arbeidsplassar er vorte arena for den enorme tekniske utviklinga. Det er vanskeleg for oss eldre å gjera seg nytte av å fylgja med. Nokon kvar av oss litt opp i åra kjenner på maktesløysa kvar gong me må læra å ta i bruk nye «dubbe dittar» for å kunne fungera i den digitaliserte kvardagen.
Ein av dei som har fått med seg digitaliseringa til fulle, er Tormod Folgerø som no er pensjonist. Han starta som bankfunksjonær i Sunnhordlandsbanken/ Vestlandsbanken i 1960 og fekk oppleva ei næringsverksemd med store krav til fleksibilitet og omstilling frå innsida.
Folgerø byrja sitt virke i banken som kasserar då dei heldt til i Frugårdbygget i Borggata. Her var det fire kollegaer, banksjef Fadnes, bokhaldar Nordenborg, fullmektig Saue og kasserar Sæbø. I 1960 vart mest alt arbeidet i banken utført manuelt, og renter vart utrekna og bokført saman med andre transaksjonar etter kvart. Rett nok hadde dei ei enkel maskin som utførte bokføringsrutinane. Alt skulle vera klart og avstemt til dei to revisorane kom og utførte sin kontroll på slutten av arbeidsdagen. Bankoppgåvene i byrjinga av 60 åra var lån og innskot, litt valuta og reisesjekkar, vekslar og akseptar. Men bankdrifta hadde sin deadline som måtte fylgjast, fortel Tormod. Vart ikkje vekslar fornya før klokka 12 forfallsdagen, måtte banken gå til notarius publicus som på denne tid var lensmannen, for å protestera og få kravet registrert. Dette var ein svært viktig del av drifta, å klargjera for inkasso.
Dette vart ein periode med rivande utvikling både for dei bak skranken og for oss kundar. Sjekkheftet vart innført, og bankane på Stord oppretta kundekontor ved Stord Verft og Fylkessjukehuset i ein overgangsperiode. Folgerø fortel at dei utvikla lønnssparekonto-ordning, og mange lønnstakarar fekk ein fast sum sett inn frå løn til sparekonto kvar lønnsutbetaling. For mange vart dette starten på aktiv sparing og eit nærare forhold til banken. Folk vart aktive bankkundar som ikkje lenger sto med huva i handa, men som drøfta både lån til hus, byggelån og billån med banken. Den pensjonerte bankmannen hugsar at dette var ei tid med rivande utvikling og aktivitet i banken. Spesielt var laurdagane travle, då mange sto i kø for å løysa sin banktrong. Lokalbankane på Stord var viktige aktørar inn i ei tid med rivande utvikling i lokalsamfunnet og stor trong for banktenester. På denne tid hadde bankane fått terminalar i kvar kasse, transaksjonane gjekk direkte, og ny saldo var tilgjengelig med det same. Så kom plastkort, bankterminalar, bankgiro og nettbank. Krava om kostnadsreduksjon råka også bankane med rasjonaliseringskrav og stopp i nytilsettingar.
Avslutningvis tek eg med eit lite hending som skjedde under første gullalderen på Stord i siste halvdel av 1970-talet. Det var ei tid då bankane her fekk nye utfordringar, ikkje minst eksploderte valutahandelen. Manglande legitimasjon førte til flere episoder, og Tormod Folgerø fortel om ein finne som på gebrokken svensk kravde samtale med banksjefen. Her flerra han opp skjorta framme og forkynte med høg røyst: «Her står Suna Bjørk på mitt bryst, ingen annen har en slik signatur tatoverad, og jag vil ha pengene». Ein original legitimasjon, men denne vart godteken.
Munnleg kjelde: Tormod Folgerø – f. 1934
«Sunnhordland» måndag 3. juli 2017
Oddbjørn Kvålsvold

