Bygsel, bot, bord og bjelkar – Stord i 1620
Noreg var godt inne i dansketida. Kristian 4. var konge. Og trettiårskrigen var i gang utan at det førebels hadde noko å seia lokalt.
I det som no er Stord kommune, hadde folketalet dobla seg til vel 400 sidan 1520. Samfunnet var i ferd med å koma til hektene etter den lange nedgangstida etter Svartedauden, den store pest-pandemien som tok livet av rundt halve befolkninga. I 1620 var det igjen folk på mest alle gardar.
Kva kan me finna ut om desse «stordabuane»? Dei spreidde opplysningane nedanfor er tekne frå rekneskapsmateriale (fute- og tollrekneskapar) som no er tilgjengeleg i Digitalarkivet. I originalmaterialet møter me gamal gotisk skrift som ikkje alltid er like lett tyda.
Bygsling av gardsbruk
Som tidlegare var det svært få som eigde den jorda dei brukte. Dei tre som i skattelistene er nemnde sjølveigarar, budde i Brandvik, Bjelland og Høyland. I tillegg kom adelsfolket på Vatna. Dei andre var leiglendingar og måtte betala årleg avgift i form av smør og huder, eller pengar. Men ikkje nok med det. For leigeavtala, førstebygsla, måtte dei også betala. Og dessutan kvart tredje år når avtala vart fornya, såkalla tredjeårstake. Men når så var gjort, sat leiglendingane nokså trygt på garden. Ja, det er sagt at dei så og seia var «herre over andre si jord». Etter ein uskriven regel kunne dei opplata – overføra – bruket til kven dei ville. Slik fekk Villum overta ein part av Horneland som svigerfaren, Hallvard, hadde opplate.
Bøter for lovbrot
Futen påtalte lovbrot, fekk folk dømde og fastsette også sjølv bøter. Dei såkalla sakefallslistene er register over lovbrot. Elling Sørhuglo gjorde direkte opp med futen, «avsona» som det heitte, fordi han hadde stukke Peder Vermedal frå Tysnes i armen, «dog thill Ingen schade». Det kosta han tre dalar.
Seksuell omgang før og utanfor ekteskap, såkalla «leiermaal», vart strengt straffa. Særleg ille ute var Sivert Kyvik. Først måtte han bøta seks dalar for å ha vore saman med «kvinnfolket» Anna. Dernest fekk han også bot for leiermål med festarmøya si før bryllaupet. Men då slapp han med to dalar; for armods skuld.
Skottehandel
Ei særs viktig utvikling i hundreåret etter 1520 var etableringa av sagbruk. Dei mange sagbruka i Sunnhordland førte til at det vart oppretta ein tollstad i Eldøy, truleg på 1590-talet. Last, utførselshamn og namn på skipperar særleg frå Skotland, men også frå Tyskland og Nederland, er registrert i tollrekneskapane. Den 14. juni 1620 kom såleis skipper Anders Finne frå Banff i Skotland til Sagvågen. Han drog tilbake 22. juni med bord, bjelkar, lekter og ved. Den 20. juli var han attende etter ny last med retur 31. juli. På same tid var også Jürgen Smart frå Dundee i Sagvågen og John Mortten frå St. Andrews på Leirvik. John sitt skip er nemnt som «pinke» (pink), eit vanleg handelsfartøy på denne tida. Og lasta kom frå saga i Vikabekkjen som Høyland eigde. Garden Leirvik der senteret og kulturhuset ligg, låg då under den garden.
Mykje meir om Stord på 1600-talet finst i Stord frå steinalder til oljealder bd. I. Sjå også Soga om Sagvåg. Om sagbruk og skottehandel skreiv And. Næss i Sunnhordland årbok 1919 og 1920 (på nettet i nb.no).
«Sunnhordland» april 2020
Egil Nysæter

