Høyland – ein buplass med tradisjonar

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Bilete: Forteljaren Per Høyland gjekk ut av tida dette året. Per var ein kunnskapsrik bonde som var med å setje Stord på kartet i 1993. Då var han med på vinnarlaget frå Hordaland,  som vann landskonkurransen i «Manns minne». Foto: Oddbjørn Kvålsvold.


For ein som sjølv har vokse opp på landsbygda gjev det gode kjensler å koma inn på eit velstelt gardstun. På Stord er me heldige og kan enno oppleva fleire tun der husklyngja vitnar om ei anna tid. Ei tid då garden hadde mange hus og fleire generasjonar budde, levde og arbeide i eit fellesskap. I det fyljande vil eg skriva litt om det min gode samtalepartnar Per Høyland, har fortald om sin oppvekst og tradisjonar i heimen.


Våningshuset som Per og kona Bjørg overtok og moderniserte på Høyland, er bygd i 1873 av oldefaren til Per, og romma tidlegare to generasjonar med felles kjøkken. Ei buform som kravde godt samarbeid for dei som hadde ansvar for matlaginga. Familiane hadde kvar si stova som dei nytta til måltid og opphald, men samhandlinga rundt den store vedkomfyren på kjøkkenet var nok krevjande for kvinnfolka. I ein periode var det faktisk 16 – 17 personar som budde i hovudhuset på Høyland. I Per sinoppvekst vart straum  berre nytta til ljos, så kjøkkenkomfyren måtte fyrast opp mange gonger kvar dag. Ja, sjølv om det var 25 – 30 varmegrader  om sumaren måtte kokkane takla strålevarmen i tillegg. Samtida hadde ikkje verken kjøleskap eller frys, så mat vart lagra i kjellar og stabbur. «Gamlebesten» var den som hadde ansvaret for brenne, både til oppvarming og kokning. Ola Olson d.e. som budde i vilkårshuset saman med ei syster, var «fullt ut sysselsett» i vedskuten. Dette var i ei tid då alt av skogvyrke vart nytta, smågreinene og kvist vart køyrt til tuns og kutta opp til brenne til kjøkkenomnen. Vedstrangane kappa han etter mål  på 20 cm., ikkje meir eller minder, og vedlada skulle vera strokne. På Høylandsgarden har alltid skogen vore ein  viktig del av inntektsgrunnlaget, fortel Per. Ja, dei gamle sa at skogen var banken på garden. Han fortel om korleis dei i vår nære fortid tok ut tømmer til skipsbyggeria. Den gong vart det ikkje snauhogst slik det er i dag, men bonden tok ut enkelttrær som var hogstmoden. 


Eldhuset var ein viktig arbeidsplass for kvinnfolka på garden, her vart vatn til klesvask varma opp og kviteklede kokt, – før dei fekk ein «omgang» på vaskebrettet. Vatnet måtte dei bæra frå kjelda med vassele, og mykje av såpa som vart nytta var heimeprodusert av kaustisk soda, vatn og talg. Sild, fisk, kjøtt og flesk vart røykt i eldhuset, men lagra på stabburet. Sjølv om avlivinga av dyra og flåing var mannfolkarbeid, var slakteprosessen ei travel tid for kvinnfolka i hushaldet. Dette var ei tid då alt på dyret vart nytta og starta med at dei måtte røra i blod, slik at det ikkje levra seg. Blod var ernæringsrikt råstoff som dei seinare laga både blodkomla og blodpølser av. Mesteparten av kjøttet vart salta og røykt, men noko vart hermetisert på 2 liter Norgesglas. Ein mykje brukt foredlingsmetode før fryseboksane vart allemanns eiga. 



Frå årshjulet på garden fortel Per fyldig om kvardagen, slåtteperioden og innkøyring av turrhøyet. Før moderne driftsmåtar fekk innpass, varte grasslåtten frå jonsok og ut i august månad. Sjølv om dei hadde hesteslåmaskin så var det òg  mykje ljåslått på Høyland.  Ei samtid som kravde at alt gras skulle nyttast til dyrefor. Det som vart turka på bakken kravde tre dagar med solskinn og resten vart turka i hesjar. Då det vart kjent at enkelte hadde byrja å nytta gaffel for å leggja graset på strengane, skapte dette reaksjonar hjå dei eldre, minnast forteljaren min. Men dette var berre byrjinga. Per Høyland fekk oppleva den tekniske revolusjonen i jord- og skogbruket til fulle, – før han gjekk ut av tida 13. februar i 2021.


«Sunnhordland» 10. sept. 2021


Oddbjørn Kvålsvold