Oppvekstminne frå eit småbruk
Mange av dei som har delt livsminne med meg, hugsar barneåra der leik og arbeid gjekk hand i hand, ei tid då mange heilt frå tidlege barneår var med og lærte gagns arbeid av foreldre og andre vaksenpersonar. Dei fekk røynsle om at ikkje alt kunne skaffast ved å «dra kortet» i butikkane. Me som vaks opp i etterkrigstida, var sparde for alle desse elektroniske skjermane som har vorte ein stor tidstjuv i ei tid då ungar skal utvikla seg til gagns menneske. Foreldra til Kristbjørg Taraldsøy, Kari og Håkon Madsen, hadde eit lite småbruk på 10 mål, eit område som no vert kalla Nedre-Hagebyen. Her var det småskog og utmark, som faren dyrka opp med spett, hakka og stubbrytar. Og utmark vart til åkrar og eng. Om dagen arbeidde Håkon som arbeidsleiar på mjøllagret på sildoljefabrikken, medan kveldar og fritid vart nytta på småbruket.
Mellom dei gode minna Kristbjørg fortel, er korleis heile familien var med og hjelpte til i kvardagen. Om sumaren slo faren bakkane med ljå, og mora og dei andre som var heime, hesja og snudde på turrhøy. Ja, i minnet hennar var mest alltid «himmelen blå», og arbeid og leik gjekk hand i hand. Delar av huset vart i skuleferiane leigt ut til ein familie frå Haugesund. Då flytta Kristbjørg og foreldra ned i kjellarstova og nytta vaskekjellaren som kjøkken. Dette var ei utleigeform som mange huseigarar på Stord praktiserte både før og etter siste verdskrigen, ei ordning som skapte ekstrainntekt og gode relasjonar mellom by og land.
I delar av driftsbygninga hadde faren innreia rom med plass til 200 hønser, og i sokkeletasjen på uthuset vart ein del nytta til klekking av kyllingar. I rugekassane var det varme og skuffer som egga låg på. Egga vart merka med X på eine sida og O på den andre. Kristbjørg hadde ansvar for å snu egga kvar dag og venta spent på at den først kyllingen skulle pikka hol på skalet. Til mat fekk dei etter kvart hardkokte, småhakka egg. Etter nokre veker vart hanekyllingane sortert frå og klar for sal. Desse vart slakta og leverte mellom andre til frk. Øvreeide ved Kårevik pensjonat. Forteljaren min hugsar godt roturane frå sjøhuset i Naustvågen til Kårevikstrando med sekker full av slakta hanekyllingar. På småbruket hadde dei ku slik at dei var sjølvhjelpne med mjølk, og mora kinna både smør og sette rømmekolla. Ein av kalvane som dei avla opp, vart seld til Bjelland som kviga. At Tørris-Otten oppnådde medalje på eit fesjå med «kossekalven» hennar, er eit stolt minne frå barneåra.
I ein periode dreiv faren og kjøpte grisungar og ala opp. På det meste hadde dei 12 store griser, så på slaktedagane vart det mykje leven og aktivitet. Skåldevatn vart kokt opp i kjellaren og var klart då den profesjonelle slaktaren kom. Og frå løa høyrdest griseskrik og skot. Kristbjørg minnest at mora og den eldre søstera, Aslaug, sat i løa og rørte i blod som var samla i «panner og kar». Mora og fru Vedøy laga sylteflesk av grisehovuda som dei leverte slaktar Grov for sal. Som ein del av kjøttproduksjonen hadde dei kaninar, kalkunar og gjæser. Faren var ein aktiv småbrukar som var leiar i Stord Bonde- og småbrukarlag i mange år. Familien dyrka både poteter, gulrøter, kål, rødbeter og fleire sortar hagebær vart hausta. Kristbjørg fortel at nypene dei henta inn, vart trædde på ein tråd og hengde opp til tørk. Desse vart brukte til supper om vinteren og er ei rik c-vitamin kjelde.
Munnleg kjelde: Kristbjørg Madsen Taraldsøy f. 1935
«Sunnhordland» 11. oktober 2019
Oddbjørn Kvålvold

