Røyrleggjar med mange oppgåver i tronge rom

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Ved dei store industriverksemdene er det trong for eit mangfald av yrkes- og faggrupper. Ikkje minst har lokomotivet i industrimiljøet i Sunnhordland, verksemda på Kjøtteinen, vore ein pådrivar for å utdanna fagfolk i ymse fag. Heilt frå Odd P. Bjelland fekk ansvar for den vesle verkstaden som vaks fram ved sildoljefabrikken i mellomkrigstida, var nytenking og erfaringsoverføring til nye arbeidstakarar berebjelken i opplæringa. Verksemda satsa tidleg på systematisk opplæring og kursverksemd for å tilføra den raskt aukande arbeidsstokken oppdatert fagkunnskap.


Ein av dei me hugsar som ein rask og flink fagmann innan røyrleggjarfaget, var Bjarne Rykkje. Eit års tid før han døydde fortalde han meg om då han byrja på eit røyrleggjarkurs på Kjøtteinen i 1952 etter ein arbeidsperiode på den flytande sildoljefabrikken, «Clupea». Som instruktør på kurset hadde leiinga fått tak i Harry Neset, ein fagutdanna røyrleggjar frå Bergen, som tidlegare hadde arbeidet med vedlikehaldsarbeid på «Clupea». Bjarne fortel at dei var 6 mann på kurset, som veksla mellom teori og praktisk arbeid i 3 månader. Den fagutdanna bergensaren tilførte  yrkesgruppa nye og meir rasjonelle arbeidsmåtar gjennom sitt kursopplegg.  Som døme på dette fortel han om Neset sin bruk av meterstokken til måltaking av røyr med vinklar (skredden), i staden for å nytta «malstrenger» ein rasjonell og produktivitetsvenleg arbeidsmetode. «Harry’en» ville ikkje sjå at kursdeltakarane nytta streng til mal etter at han hadde lært dei metoden.


Etter kurset fekk Bjarne høve til å arbeida saman med Harry Neset ein periode som læregut. Det var ei givande tid med ein streng læremeister, fortel han. Harry sitt krav til læregutane var at dei  skulle fylgja godt med og vera raske. Om dei kjem sigande, «gi de et spark i reven», sa han. Stord Verft tok tidleg i bruk moderne bøyemaskiner og nytta harpiks og sand i røyra under bøyeprosessen. I samtalen kjem Rykkje inn på den perioden då delar av rørleggjarstaben på Kjøtteinen var på oppdrag i Oslo for å ferdigstilla supertankarane. Her oppdaga han at mange av den tradisjonsrike akerverksemda sine arbeidsmetodane med røyr, var gått ut på dato. Ja, mykje av røyrarbeidet var det framleis «kobbarslagarane» som utførte med sine tidkrevjande bøyemetodar på røyr. 


Men attende til dei fyrste arbeidsåra Bjarne Rykkje arbeidde som røyrleggjar på Stord Verft. Alt etter eit år som lærling med Harry Neset, fekk han ansvar for å instruere eigen læregut. Ikkje minst var opplæringa i måltaking av røyr med mange vinklar i tronge rom utfordrande. Bjarne poengterer at han alltid har sett på det å planlegga jobben som det beste utgangspunktet for eit vellukka resultat. Spesielt på dei små båtane var tilkomst og plassproblem fagleg krevjande. I så måte fortel han om detaljar frå arbeidet i tankane på M/T «Lind». Eit spesialdesigna kjemikalieskip med «reine tankar» av rustfritt stål og ein dobbeltbotn full i spant, skott, botnstokkar, ballast og lasterøyr. Nede i dette virvaret av ein arbeidsplass, med «takhøyde» på 80 cm, kraup Bjarne og arbeidskameratane rundt i 2-3månader på allbogar og kne. For å kunne arbeida på ein slik plass, måtte ein vera mjuk i kroppen og ikkje lida av klaustrofobi. Klimaks på denne jobben kom etter at alt var montert, og dei var ferdige med å trykkprøva leidningane. No skulle ein inspektør frå Det Norske Veritas, som var litt stor av vekst, inspisera dobbeltbotnen.


Bjarne hugsar denne episoden godt, for det vart litt oppstyr då inspektøren kom i «åvelta», og ropte om hjelp. Kroppen hans vart for lite smidig og for stor då han skulle krypa gjennom eit av mannhola og vidare over ballastrøyra på andre sida. Han sette seg kort og godt fast! Bjarne Rykkje fortalde meg at episoden førte til omlegging av røyra for å gi betre tilkomst i dobbelbotnen på «Lind». 


Munnleg kjelde: Bjarne Rykkje – (1921-2013)


«Sunnhordland» 4. mars 2019


Oddbjørn Kvålvold