Gardsdrift i forandring
samtalen eg hadde med Bjarne Digernes i 2012, fekk eg han til å fortelja om utviklinga han har vore med på innan gardsdrift. Minne frå driftsmåten med mykje tungt kroppsarbeid, bruk av hest og kjerre, plog , horv og hesteslåmaskin er fjernt frå notid. Difor stod hesten i ei serstilling for driftsmåten i vår nære fortid.
Men to gonger held dei på å mista hesten minnest Bjarne. Då mobiliseringsordren kom våren 1940, fekk faren ordre om å møta på Klingenbergkaien med hesten deira, han skulle nyttast i krigsteneste. Men båten som skulle henta hestane for vidare transport, kom ikkje, og dei frammøtte kunne ta hestane med seg heim att til vårarbeid. Seinare fekk dei på nytt ordre om å møta på samlingsplassen med hesten. No var det okkupasjonsmakta som rekvirerte hestar til teneste for den tyske hær. Kva som var utslagsgjevande denne gongen veit ikkje Bjarne, men han trur at faren hadde snakka svært negativt om hesten. Han var vanskeleg å styra, og så var han ein av dei verste krybbebitarane som hadde vore på garden i manns minne.
Bjarne fortel om første traktoren faren kjøpte til gardsdrifta i 1952. Dette var ein «amerikanar», og han meiner at dette var den tredje traktoren i kommunen. Denne hadde «trekantoppheng» bak, og etter kvart vart det kjøpt inn plog, horv og slåmaskin. Horneland Vognfabrikk laga ein høveleg tilhengar (utan tipp) som letta drifta monaleg. Etter 10 år vart amerikanaren skifta ut med ein Bolinder – Munktell. Til denne traktoren vart det kjøpt hyppe- og radutstyr og belteopptakar for potethausting. Dermed var mekanisk drift i full gang på Digernes. Men kanskje var det fôrhaustaren som letta og rasjonaliserte drifta mest. Bjarne fortel at faren alt i 1937 hadde bygd silo som dei nytta til 2. slåtten –hå. Seinare vart det bygd større silo og slitet med slått og hesjing i all slags vêr vart det slutt på. Slåtten som tidligare varte i vekevis med oppheng av gras i hesjer og berging av turrhøy vart no avløyst av nytt utstyr.
Opp gjennom åra har dei hatt fleire lastebilar på garden. Faren hadde alt før krigen ein 1 ½ tonnar Chevrolet, men rasjonering og vanskar med å få tak i bensin i okkupasjonsåra førte til at denne vart seld til Sagvåg. Faren var ein aktiv grønsak- og potetdyrkar, og trong transport av gardsprodukt ut til kundar. Dette førte til kjøp av ny lastebil etter krigen. Denne nytta Bjarne i 4 år til å henta mjølk frå bøndene i området Hatland, Byrkjeland, Horneland, Høyland og Tveita, ei ordning som avløyste hestetransporten av mjølk til Stord Meieri. For denne tenesta vart bøndene trekte 1 ½ øre pr. liter mjølk dei leverte.
Etter å ha levert mjølkelass litt før kl 9 på meieriet, køyrde Bjarne mjølkeprodukt til butikkane på Bjelland, Sagvåg, Hystad og Rommetveit og returprodukt til bøndene. Med tida utvikla det seg mest til ein sedvane at folk sto langs køyreruta og venta på «mjølkebilen». Folk ynskte å få han til å utføra transportoppdrag av fôrsekker og mindre varesendingar langs køyreruta. Då Bjarne slutta med transport av mjølk frå Utbygda, kjøpte meieriet eigen bil og tilsette sjåfør.
Bjarne fortel mange artige episodar frå tida han køyrde mjølkerute for meieriet. Frå butikken på Tveita minnest han ein samtale mellom handelsmannen og ein eldre kunde: «Kvifor kostar brødet 51 øre og ikkje 50 slik som før, undrast kunden. Jau, svara den handlande, eg må ha litt for innpakningspapiret òg». Det høyrer med til soga at den eldre kunden seinare tok med avispapir og pakka brødet inn i, for å spara 1-øringen.
Munnleg kjelde: Bjarne Digernes (1931- 2019)
«Sunnhordland» 24.juni 2019
Oddbjørn Kvålsvold

