Krambua på Mehammar

Foto: Privat

Dei gamle krambuene som nokre av oss enno hugsar, var i tidligare tider ein viktig møteplass for folket i bygdene. Landhandelen var ikkje berre forretning, men og i stor mon ein kulturinstitusjon, der bygdenytt skulle forteljast og kommenterast.


I boka «Det norske næringsliv» av 1952, finn eg fylgjande om ei slik krambu.

« Forretningen ble startet av Helge J. Mehammer i 1907. I 1942 ble forretningen overtatt av sønnen Tollak H. Mehammer. Virksomheten omfatter omsetning av landhandelsvarer som: kolonial-, mel- og fetevarer, glass, steintøy, kjøkkensaker, verktøy, redskaper, stoffer, manufaktur, skotøy, fiskesaker, m.m. Jord- og husdyrprodukter samt bøker i kommisjon. H.S.D.s skip opptok anløp av stedet straks etter starten og ble da ekspedert med båt. Poståpneri ble også opprettet med grunnleggeren som poståpner»


Harry Mehammer voks opp i krambumiljøet, i ei tid da båtanløp og handelen på butikken styrte dagsrytmen til foreldra, Marta og Tollak. Harry har barneminne frå 1940 åra, når bygdefolket sat og venta på dampen og det var folksamt i den vesle butikken. Det å møta på kaien til «dampen», var ein av attraksjonane i samtida. Alle varer og post til Mehammar, Eide, Raunholm og Børtveit kom med båt 3 – 4 gonger for veka. Vidare vart sendingane av slakt og levande dyr, ekspedert over dampskipskaien på Mehammar. Harry fortel, at om sumaren vart kundekrinsen til krambua, utvida med handel frå Tornes og Skår på Tysnes. Det var HSD båtane, DS Aalvik, DS Fjæra, MS Tysnes og MS Granvin som gjekk under krigen, men han hugsar og DS Stord, DS Søndhordland og DS Hardangeren, for og nemna nokre. I slutten av krigen vart rutene innskrenka på grunn av mangel på brennstoffolje og kol. Det vart sjeldnare anlaup og dampbåtane vart fyrt med ved.

Varene kom i sekker, tønner og kassar i laus vekt og posisjonert opp i posar og spann. I krambua var det ein disk med skuffer under. Her vart mjøl, sukker og gryn oppbevart og kundane fekk oppvegd etter ynskje. Handelsmannen måtte ha litt av alt, som bygdefolket hadde bruk for. Både sirup, grønsåpa, parafin og tjøretønna høyrde til i krambua. Desse varene var ein viktig del av hushaldet for 60 år sidan. Harry hugsar at mange «handla på bok» og restansane kunne hopa seg opp for nokre. Handelsmannen hadde sine krav som kom frå grossistar og Harry hugsar at faren måtte be om utsetjingar, til han fekk meir inn av det uteståande.


Butikken hadde ikkje faste opningstider, men hovudaktiviteten var når sør og nordgåande rutebåtar la til kaien. Da samlast bygdefolket og det kunne verta trongt på benken utføre disken. Krambua på Mehammar var som mange andre plassar, ein sosial samlingsstad for bygdefolket, der ein fekk høyra nytt både frå inn og utland. Mange togg skråtobakk på denne tid og Harry hugsar at spyttebakken vart flittig nytta. Han har og minner frå ei julaftan, da mora måtte venta lenge med julematen. Faren vart oppteken med ein kunde som utførte julehandelen på «overtid». På Mehammar var det ein talestasjon som vart nytta til kommunikasjon med omverda, men butikken hadde og telefon. Denne vart brukt til varetinging, kundar og av mannskap på båtar som kom oppom.


I 1965 vart vegen mellom Agdestein og Levåg opna. Dette var eit stort framsteg for heile Stordøya og for smågrendene på austsida spesielt. No var det ikkje berre sjøen, som batt grenda til omverda. Butikken på Mehammar vart avvikla i 1960 åra, nokre år etter at handelsmannen døde. Men krambua vart teken vare på. Den står i dag på Sunnhordalandstunet på Leirvik og minner oss om korleis ein av dei viktigaste samlingsstadane såg ut i vår nære fortid.


Munneleg kjelde: Harry Mehammer – f. 1938

Skriftleg kjelde: Det norske næringsliv – 1952

Digital kjelde: Wikipedia


«Sunnhordland» 27.mars 2015


Oddbjørn Kvålsvold