Då vassløyse var årviss
Mange har livsminne frå barneår då det var årviss vassmangel og rutinar måtte leggjast om for å spara på vatnet og gjennomføra klesvask. I mange hushald måtte husmora tilpassa lite tilsig i vasskjelda og flytta fyringsgryta og vaskebrett til bekk, elv eller eit vatn i nærområdet. Sæbjørn Dale skriv i Stord sogelag sitt årsskrift for 2015 om korleis dei nytta elva til klevasken i sumarhalvåret. Me som i dag bur i ein kommune med rikeleg tilgang på vatn av beste kvalitet, gløymer lett korleis det var i vår nære fortid. Ja, mange på Stord måtte ty til naudløysingar og spara på vatnet i delar av året. Vassmangel skuldast ofte frostskadar på inntaksrøyra frå kjelde til fjøs og stovehus før i tida. Grunne grøfter og lange periodar med tørrfrost eller kalde vintrar gav ekstraarbeid for mange husstandar. Kjeldene mine fortel om frosne røyr og tørre brunnar, slik at det vart køyrt vatn i tønner og kar med hest og slede.
Astrid Lothe som voks opp på nedre Litlabø, har delt livsminne frå oppveksten då gardane nytta Mortjødno til vaskeplass i sumarhalvåret.
Astrid fortel om ei tid då det vart vaska klede ved brønnen på heimagarden. Her var det eldhus med grua og fyrgryta som vart nytta til å varma vatn og koka kvitklede i. På denne tid var vaskebrett eit godt hjelpemiddel for å få skit og smuss ut av grove arbeidsklede, men vaskemetoden kravde rikeleg tilgang på skyljevatn. Så når sumaren stunda til, måtte vaskedagen tilretteleggjast annleis, for dyra på garden krov sitt frå tilsiget i vasskjelda. Vaskeplassen deira nede ved Mortjødno vart tilrigga med fyrgryte og klessnorer, og heile sumarhalvåret vart det som skulle vaskast køyrt ned til vatnet med hest og kjerre. Gjennom store delar av oppveksten hennar var det fast rutine at mora hadde vaskedagar kvar 14. dag. Ho hugsar at Signe Kannalønning hadde òg sin vaskeplass i same vika. Lenger inne i ei anna vik hadde andre familiar på nedre Litlabø sin vaskeplass med fyrgryte og klesnorer. Klesvasken ved Mortjødno er gode barneminne frå ei tid med varme sumardagar, lauging frå ei lita bryggja og leik og moro. Samstundes var desse felles vaskeplassane ein møtestad i samtida. Her fekk naboar sosialt samvær i kvardagen og fretta nyhende. Hit ned kom og byfolka (haugesunderar) som ferierte i bygda og ungane deira og bada. Nokre av desse var flinke symjarar og gav undervisning til bygdeungane, hugsar Astrid. Les meir om desse byfolka i Jens Litlabø sin artikkel i Stord sogelag sitt årsskrift 2016.
Astrid Lohte fekk og oppleva vassmangel etter at ho vart gardakona på Fjellgardane. Dette var før vaskemaskina vart allemannseiga, og ho kokte kleda og vaska dei ved kjelda på garden. Med turre og varme sumrar var vassmangel årviss, og det hende at dei måtte køyra ut til ei kjelda i skogen og henta vatn til folk og dyr. Etter at Astrid tok sertifikat og kjøpte bil, vart rutinane for vaskedagane endra og skyljing av kler vart utført i Vadelva. Ho lasta inn klestampane i bilen og køyrde opp i Hauglandskverna. Her var det ein god vasskulp og ho kunne fråtsa med vatnet. Før vassverket på Stord vart utbygd for Presthaug/ Haugland, kom det fleire familiar som skylte kleda i Vadelva, fortel Astrid. Reint og rikeleg med vatn er naudsynt og viktig både for folk- og dyrehelse, så i 1988 vart vassleidning lagt framom Presthaug. Dette var ei storhending og lette i kvardagen for dei som no fekk godt og rikeleg med vatn, minnest Astrid Lothe.
Munnleg kjelde: Astrid Lothe – f. 1936
«Sunnhordland» måndag 9. januar 2017
Oddbjørn Kvålsvold

