Ein parykkmakar og andre handverkarar på 1700 talet

I 1733 vart Erik og Anna Tyse sin son Jakob boren til dåpen i Stordakyrkja. Fadrar var lokalt godtfolk med prestefrua, madame Koren, i spissen saman med Jakob parykkmakar. Han var også fadder til eit anna barn på prestegarden Tyse eit par år seinare. Mest sannsynleg kom han frå Bergen der det var mange yrkesbrør, med eige laug frå 1743.

Fintfolket, dei kondisjonerte, bar på denne tida parykkar for å visa at dei høyrde til eit anna stand, og som eit maktsymbol. Slik dei britiske dommarane framleis gjer. Moten var komen frå franske hoffkrinsar på 1600-talet og heldt seg her i landet til rundt 1800. For å fylla ei slunken statskasse under den store nordiske krigen, vart i 1711 parykkar og annan hårpryd skattlagde. Også på Stord måtte nokre få betala.


Handverkarane skulle halda til i byane, og dei fleste var organiserte i laug heilt til desse vart avskaffa ved lov i 1839. I Bergen var det på det meste rundt 60 ulike handverksfag med eigne laug. Men ei forordning frå 1681 viser at somme handverkarar hadde lov til å slå seg ned på landsbygda. Det galdt m.a. grovsmedar, tømmermenn, bøkkarar, vevarar, skreddarar som sydde vadmål og skomakarar som laga bondesko.


I ei sak i tingboka (rettsprotokollen) frå 1690 er det opplyst at Anders Skreddar då budde på Leirvik i eit hus som tidlegare hadde tilhøyrt Willum vevar. Og i 1708 er ein Willum skomakar nemnt. Han ba då på vegner av presten på Stord om utsetjing av ei rettssak. Det er vel same mann som dukkar opp på prestegarden i Skånevik tre år seinare.

Men på 1720-talet var det berre skreddaren Jan Børs, som husmann eller strandsitjar i Evjo på Skotabergsida, som vart rekna som handverkar her. Han var truleg frå Bergen, men kom hit frå prestegarden i Skånevik. Kanskje overtok han etter Anders skreddar ein gong etter 1716.


Det var ikkje feitt å vera handverkar ute på bygdene der folk flest sjølv laga det dei trong. Det heitte at når Jan var ute og reiste, måtte kona Maren og dei mange borna be godtfolk om mat «saa fremt at de ej skulle hungre til døde». Kanskje var dette noko overdrive; det galdt å sleppa unna skatt. Eit levebrød var det trass alt. For etter at Jan og Maren døydde, overtok svigersonen Willum som skreddar.


Ein annan handverkar frå Bergen var skomakaren Ibbe Danielsen Krog som først flytte med familien sin til Etne. Seinast i 1745 slo dei seg så ned for godt på Stord, mest sannsynleg på Leirvik. Han døydde 58 år gammal i 1769.


Desse handverkarane representerte altså bynæringar, og dei viktigaste kundane var embetsfolk og andre kondisjonerte. Det var ikkje tilfeldig at dei slo seg ned på prestegardane eller på ein stad som Leirvik, som alt då var eit knutepunkt. Mykje tyder på at desse handverkarane frå byen må reknast som «halvfornemme». Borna fekk gjerne fadrar frå den lokale eliten. Og då Margrete, Willum skreddar si kone, døydde i 1754 vart ho nemnt som «Dannekvinne». Men parykk hadde ho nok ikkje.



Du kan lesa meir i «Stord frå steinalder til oljealder» bd. II, kap. 2-3. Kyrkje- og tingbøkene finst på Digitalarkivet.

 

«Sunnhordland» fredag 29. april 2016


Egil Nysæter