Dei mange skogsvegane – til glede og nytte for folk flest

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

Som dei naturglade i Stord kjenner til har me mange skogsvegar i kommunen. Ja, det er ikkje alle forunnt å ha eit så systematisk og lett tilgjengeleg skogsvegnett rett utafor stovedøra.


Skogsvegane har vorte mest ei felleseiga der innbyggarane kan hausta påfyll. Vegane vart primert bygde for å ta ut trevirke på ein enkel og rasjonell måte, men har i over 50 år fungert til glede for alle som har hugnad av natur- og kulturlandskap. I samtalar med Arne Knutsen har eg fått kjennskap til litt historikk om skogsvegane på Stord. Arne Knudsen vart tilsett som skogretningsleiar i kommunen i 1957 og var frå første dag ein pådrivar for å byggja skogsvegar. Vegnettet han planla og fekk realisert, har ei lengde på meir enn 11 mil, og «målsetjinga har vore å byggja så gode skogsvegar at ein kjem lengst mogleg inn i skogen med hjuldoning, traktor eller bil», som det står i skogsvegplanen. Om finansieringa av skogsvegane fortel Knutsen at på denne tid var det statleg tilskot på 50 %, kommunen deltok med 10 – 20 % og resten vart fordelt på grunneigarane som hadde nytte av vegen. På enkelte vegar, «som hadde stor allmenn nytte», dekka òg kommunen grunneigardelen og. Blant dei første skogsvegane som vart bygde, var Pontåsvegen i 1958, på 2020 meter til ein kostnad av 150.000 kroner. Ein annan veg me har hatt stor glede av er Krakateigsvegen i Valvatnemarka som vart bygd i 1984. Denne er 3 km lang og kosta 272.000 kroner. Arne Knutsen fortel at då dei tok til å byggja skogsvegnettet, vart bulldosar nytta, men etter at ei moderne gravemaskin vart utprøvd, viste det seg at desse var mykje meir effektive. Med ein flink køyrar ved spakane fòr dei skånsamt fram i terrenget og hadde god framdrift. Maskinhjelpa vart innleigt til timespris, og Brøyt’en eigna seg svært godt til skogsvegbygging, seier Knutsen.


I ein samtale med Ingvar Lunde, som var maskinkøyrar hjå W. Engelsen Ettf., fortel han om dei første oppdraga han hadde for skogreisingsetaten. Arbeidsgjevaren hadde kjøpt inn ei gravemaskin som var produsert på Bryne, og den fungerte godt til skogsvegbygging. Desse modellane Brøyt-X2, flytta seg framover ved å stå på fire hjul og dra seg fram med skuffa i ulendt terreng. Første oppdraget var å byggja Eikekleivsvegen på 1000 meter i 1964, frå Sjoalèmyra mot gamle skyttarbanen i Nordbygdo. Massane vart tekne frå sidene, vegbana jamna til og grøfter tilrettelagt med maskin. Lunde fekk mange oppdrag i skogane på Stord med gravemaskina. Han fortel om vegen frå Sjoalèmyra langs Hedledalen, Skjephaugen til Midtvad, Raudkleiv til Hustrudalen og frå Digernes til Valvatnavågen, for å nemna nokre. Bestefaren Ingvald Engelsen var òg skogsvegbyggjar. I 1952 bygde han Lundemannsverkvegen, ein skogsveg på 1000 meter som framleis vert brukt. Men her vart ikkje maskinelt utstyr nytta, berre grafsa, trau, hest og kjerra, fortel Ingvar.


Rekreasjonsverdien av skogsvegane på Stord er stor. Det er mange turgrupper i kommunen, og me bruker skogsvegane systematisk til å planleggja fellesturar året rundt. Eg trur knapt noko anna enkeltiltak har vore med å gjera naturen så tilgjengeleg for ålmenta i kommunen . Vegane stetta både skogeigarane sin trong for tilkomst til eigen skog, og innbyggarane sin trong for rekreasjon og naturopplevingar.


Skriftleg kjelde:           Arne Knutsen: «Skogsvegplan/ rapport» – 1998


Munnlege kjelder:   

Arne Knutsen – f. 1934

Ingvar Lunde – f. 1937


«Sunnhordland» måndag 31. juli 2017


Oddbjørn Kvålsvold