Den gamle garden
I skrivande stund har me morgon 17.mai 2020, men dette året er det ei annleis feiring som dels bryt med innarbeidde tradisjonar på grunn av Coronapandemien. Like fullt ligg vårlandskapet med med vaknande natur og bjørk i lauvsprett her, slik det har gjort i uminnelege tider. Dei gamle gardstuna i det vakre kulturlandskapet i Nordbygdo ligg slik dei har gjort i generasjonar, og vitnar om kontinuitet i ei foranderleg verd.
Stord sogelag har bede meg skriva litt om garden vår, drifta og besøksverksemda, og det skal eg gjera, men eg vonar dette også kan sjåast i eit vidare perspektiv.
Nordre Tveita har vore sjølvstendig gard i om lag 1000 år, og vart delt i to likeverdige hovudbruk midt på 1600-talet. Det første skriftlege dokumentet som fortel noko om garden er frå 1454, då deler av garden vart seld. Garden vart sjølveigande bondegods då leiglendingane fekk kjøpa garden kring 1770.
No rår me over båe dei gamle gardstuna, og samla har garden over 20 hus av ulik storleik. Eit av dei første husa me restaurerte er stabburet i Noratunet, som er i frå 1500-talet, medan det siste huset me restaurerte er stabburet i Søratunet frå 1700-talet. Me prøver å halda tun, hage og kulturlandskap vedlike gjennom aktiv drift av garden. Gardsdrifta er noko allsidig, men husdyrhaldet med sau og storfe av den gamle lokale storferasen Sørvestlandsk raudkolle utgjer ein vesentleg del av drifta.
Sidan 1996 har me hatt besøksaktivitetar for små og store på garden, og «Julegarden» var tidlegare ein vesentleg vinteraktivitet. I 2001 byrja barnehagar og skuleklassar å vitja oss. Også denne våren fekk barnehageborn vera vera med å setja poteter, så får me håpa dei får vera med på innhausting av poteter og andre grøder til hausten. På vår gard er verdiar knytt til kulturvern og estetikk viktige, men kunnskapsformidling om natur, landbruk og matproduksjon i eit berekraftsperspektiv er like meiningsfullt. Dette er også verdiar den nye læreplanen for skulen framhevar som viktige. Eg er også nøgd med at læreplanen peikar på praktisk læring og skaparglede som sentrale verdiar. Som lærar i samfunnsfag og historie i den vidaregåande skulen er det moro å oppleva at elevar som vitja oss med barnehagen, etter 13 år, framleis kallar meg «Jens Bonde».
Me er så heldige at det er mange andre som som driv landbruk og matproduksjon, og elles tek vare på kulturlandskapet med dei ulike verdiane, også på Stord. Det synest å vera aukande interesse for «naturalhushald» med produksjon av eigen mat, ikkje minst i desse Coronatider. Dette er framtidsverdiar som me må verna om. Det er viktig at dei oppveksande generasjonane får sjå samanhengen mellom fortid, notid og framtid.
Den gamle garden har nok ei framtid.
«Sunnhordland» mai 2020
Jens Litlabø

