Krig på Stord
Morgonen 9.april 1940, då Noreg var i ferd med å verta okkupert av nazi-Tyskland, sa rektor Severin Eskeland mellom anna til studentane: «No er djevelen sleppt laus». Han vart seinare avsett både som rektor på lærarskulen og ordførar i Stord av den nye lokale nazi-leiinga.
Dagleglivet vart snart prega av varemangel, rasjonering og ymse restriksjonar.
Eldre folk hugsar gjerne dramatiske hendingar med flyalarm og bombeåtak på båtar og ymse landmål, gjerne med tragiske utfall, som då D/S Austri vart bomba utanfor Kjøtteinen 21.februar 1945 og kring 30 menneske omkom.
Ei hending som gjerne vert hugsa er raidet mot «Stordø kisgruber» 24.januar 1943. Både bombefly og 7 MTB-ar vart nytta i den nøye planlagde aksjonen. Kanonbatteriet knytt til festningen på Bjelland vart sett i funksjon utan at dei klarte å torpedera nokon av MTB-ane, men tildømes på Digernes sprakk over 20 vindaugsruter i eit våningshus av lufttrykket frå bomber, medan leikehytta til borna på garden vart omvandla til eit bombekrater.
Den tyske okkupasjonsmakta såg på Noreg som eit strategisk område, og satsa på eit sterkt forsvar langs kysten vår-«Festung Norwegen». Som ein lekk i dette vart det i vårt nærområde bygt festningsannlegg på Osterneset i Fitjar, Bjelland på Stord og på Tittelsnes. Såleis vart viktige skipsleier og innlaupa til Hardangerfjorden godt dekka av kanonstillingar. På Bjelland og Gullberg var det fire 10.5 cm kanoner, og det varierte mellom 200 og 300 soldatar på området. Eit større areal vart konfiskert og private hus og tun innlemma i annlegget, slik at ein del folk laut flytta. Ei av forlegningsbrakkene står framleis på Bjelland.
På Leirvik vart i tillegg etablert eit Ortskommandantur med kontor på Grand Hotel, og her var ein vaktstyrke på kring 80 soldatar. Det var også ein liten vaktstyrke på Kiskaien i Sagvåg. Me skjønar at tyske soldatar var eit vanleg syn på Stord, men dei fleste innbyggjarane prøvde å ha minst mogleg med dei å gjera. Dei fleste tyske soldatane oppførte seg likevel korrekt, og var hyggjelege menneske som ikkje hadde noko ønskje om å vera okkupantar i eit framandt land.
Festningsannlegget på Bjelland vert sett i fokus når Stord sogelag førstkomande torsdag skipar til rusletur i området. Hans Kristian Junge vil visa oss rundt og fortelja om festningsannlegget frå 2. verdenskrig. Det vert frammøte på den nye parkeringsplassen på Vabakkjen.
Sjå lysing annan stad i avisa og på heimesida til Stord sogelag.
Som døme på aktuelle kjelder kan eg nemna:
Yngve Skjæveland: «Stord frå steinalder til oljealder – 1900-2006»
Annstein Lohndal: «Stord under andre verdskrigen», 2004
Sunnhordland» sept 2018
(Artikkelen er knytt til ein rusletur til Bjelland-festningen)
Jens Litlabø

