Bruk av vassvegane

Foto: Tor Resser

I tidlegare tider var folk flinke til å arbeida i lag med naturen og nytta den føremon det kunne by på. Elvar, vatn og sjøen var viktige transportvegar for folk flest og dei vart utnytta ofte. Da eg såg bilete av tømmerflåten i Sævhølen (den gongen), hugsa eg ei forteljing Per Lundemannsverk fortalde etter far sin, og det vart kimen til denne vesle temaartikkelen.

Sjølv vaks eg opp ved elva Orkla i Sør Trøndelag og hugsar transporten av tømmer langs elveløpet kvar vår. Tømmerfløytarane var våre heltar, der vi stod på elvebarden og fylgde spent med. Dei mest erfarne fløytarane gjekk ut på «tømmerknuten» for å løysa den opp, slik at tømmerstokkane kunne dansa vidare på si ferd mot elvemunningen og sagbruka ved fjorden.

Før skogsvegane vart tilrettelagt for transport av tømmer og skogsvirke, var vassvegane til god hjelp for transporten fram til allfarveg eller sjøen. Sjølv små elver kunne nyttast til transport, dersom ein «spelte på lag» med naturen og utnytta flaumvatnet. Fleire av informantane mine huskar at på Stord vart elvene på Hetlesæter og Grov nytta til transport av famneved i periodar og alle dei større vatna vart brukte til fløyting av trevirke.


Om vinteren var frosne myrar og islagde vatn effektive transporttrasear, fortel Per Høyland. Garden hadde velteplassen sin på Vadbakken, så frosen vassveg letta framkøyringa av tømmeret monaleg. Skipsbyggeria var årvisse mottakarar av dei største og finaste trea frå Høylandsskogen. Passe køyresnø og frosne vassdrag var den beste medhjelparen når den avberka stokken skulle dragast fram med hest til velteplassen.


Storavatnet var mykje nytta som transportveg for tømmer. Når isen var trygg om vinteren, vart den brukt som køyreveg. Og med opent vatn vart tømmerstokkane transporterte som flåte. I eit livsminne Otto Andersen har forfatta, fortel han om då han var med bestefaren Hallvard i Holo og fløyta tømmer frå Vassenden til Sagvåg. I Vassenden vart tømmerstokkane bundne saman i ein pilliknande flåte og ein robåt var nytta som drag. Bestefaren og Otto skiftest om å ro, og det vart tunge tak for ein unggut som enno ikkje var komen i tenåra. Ut gjennom dei smale sunda frå Vassenden var det viktig å manøvrera fint, slik at dei ytste stokkane i flåten gjekk klar nes og steinar. Ferda gjekk inn Åkervikjo, rundt Nysæterneset, over Myravågen til munningen av Sagvågselva, skriv Otto Andersen.


Soga som Per Lundemannsverk fortalde meg, gjev og eit bilete av korleis vassvegane i Sunnhordland vart utnytta til transport. Då far til Per skulle byggja ny løa i 1932, var det planlagt å ta ut ein del av tømmervirket i fjellmarka ved Storefosslia, ikkje langt frå Fjellstova. Skogen vart felt med øks og trekksag (tomannssag) og stokkane reinska for bork før transporten ned lia tok til. Der terrenget var lagleg, vart det laga køyretrasear ned til Vadelva. Ein nytta drette (hestedrag) med små jernkilar festa i ein kjetting på tverrstokken. Kilane vart slege inn i tømmerstokkane og på denne måten vart tømmeret frakta til elva med hesten. Enkelte plassar var terrenget så ulendt at tømmerstokkane måtte skotast utfor berg og hamrar. Arbeidet var ekstra tidkrevjande og tungt, da toppen hadde eit lag til å støyra seg ned i bakken eller bakom steinar. Ja, då måtte den berre hoggast av med øksa.


Fløytinga på Vad og Vatnaelva måtte planleggast i vårflaumen og regnperiodar og kravde nok stor arbeidsinnsats før alt tømmeret var kome ned til lensa ved utløpet. Bonden frå Lundemannsverk fekk låna båt på Vatna, og tømmerflåten vart rodd over Ådlandsvatnet til saga i Frugarden.

 

Munnlege kjelder: Per Høyland f. 1931.  Per Lundemannsverk f. 1937

Skriftleg kjelde:           Otto Anderssen (1928-2004) – Livsminner – 1997


«Sunnhordland» fredag 11. september 2015


Oddbjørn Kvålsvold