Forbrukaraksjonen for Stord Meieri

Stord Meieri er igjen i søkjeljoset. Denne gongen gjeld striden rivinga av bygget, som i si tid husa meieriet, og bygging av ein høgblokk på tomta. Hausten 1987 og våren 1988 var det andre avgjersler som mana til kamp.


På 1980-talet var me ein gjeng som dagleg pendla frå Stord til arbeidsplassane våre på Bømlo. Ferjeturen mellom Sagvåg og Siggjarvåg var fast møtestad, og ein dag hadde me lese i lokalpressa at strukturutvalet for P/L Vestlandsmeieriet hadde lagt fram ein plan som av økonomiske omsyn gjekk inn for å leggje ned meieria i Odda, Ølen, Kvinnherad og Stord medan Etne meieri skulle byggjast opp for levering av konsummjølk i regionen.

Stord Meieri hadde like sidan opprettinga i 1934 alltid levert mjølk av god kvalitet og hadde gode økonomiske resultat. At meieriet no skulle avviklast, kunne me ikkje sitje rolege å sjå på meinte Magne Kvæven. Han tok difor saman med Rune Indrehus og underteikna initiativ til å kalle saman til eit ope møte i Stord kulturhus måndag 31.august 1987.


Rundt 30 personar, ei blanding av produsentar, politikarar og forbrukarar, møtte fram i Kulturhuset denne kvelden. Då fann den formelle stiftinga av Forbrukaraksjonen for Stord Meieri stad med Magne Kvæven som leiar. Med seg i styret fekk han Agnar Presthaug frå Samorg., Olaug Kvalvik frå det som då heitte Ytre Sunnhordlandsgruppa av Norges Husmorforbund, Per Høyland frå leverandørane,i tillegg til Margit Engen, Rune Indrehus og Turid T. Melheim som representerte forbrukarane.


Som det går fram av styresamansetjinga var dette ein allianse mellom forbrukarane, fagrørsla og leverandørane der forbrukarane var initiativtakarane og i fleirtal, derav namnet på aksjonsgruppa. «Meierisaka er ei forbrukarsak» gav Kvæven uttrykk for på stiftingsmøtet.


Medan Samorg. hadde hovudfokuset på nedlegging av arbeidsplassar, 8 i Kvinnherad, 2 i Ølen og 14 på Stord, var forbrukarane mest opptekne av kvaliteten på mjølka og stabile mjølkeleveransar.


Me veit at mjølk er eit av dei viktigaste næringsmidla me har anten me er unge eller gamle. Me veit og at det er eit ferskvareprodukt og at det difor skal lite til før kvaliteten vert forringa. Når mjølka no skulle transporterast frå Etne, ville transporten verte mykje lenger med venting på ferjestadene, og kva innverknad ville dette få på temperaturen på mjølka og dermed på kvaliteten? Kva med beredskapen i ein krisesituasjon? Både Beredskapsrådet for Stord og Fylkesmannen i Hordaland hadde slått fast at beredskapen ville verte svekka om konsummjølka skulle leverast frå Etne.


Leverandørane følte seg lurte inn i samanslutninga P/L Vestlandsmeieriet. Dei hadde blitt lova om lag 20 øre meir per liter mjølk, og det var også gitt lovnad om at Stord Meieri ikkje skulle leggjast ned. Leverandørane ønskte at strukturplanen skulle handsamast på nytt og at nedlegginga av meieria måtte utsetjast. Planen kom ikkje opp på nytt, og etter kvart verka det som om leverandørane vart mest interesserte i å sikre Innkjøpslaget sine interesser.


Også aksjonsgruppa ønskte at Vestlandsmeieriet skulle ta saka om nedlegging av Stord Meieri opp til ny vurdering. Målet var at Stord Meieri skulle oppretthalde drifta. Det var på dette tidspunktet ikkje fatta endeleg vedtak om bygging av Trekantsambandet, men det låg i korta at dette sambandet mest truleg ville komme, og i så fall ville det vere ei feilinvestering for Vestlandsmeieriet å byggje opp meieriet i Etne, difor burde endeleg vedtak om nedlegging av Stord Meieri i alle fall utsetjast. «Skal Stord/Bømlo då levera mjølk via Sveio til Etne og så få konsummjølka i retur same vegen? Då hadde det vore betre å la Haugesund Meieri levera konsummjølka til Stord/Bømlo», hevda Magne Kvæven ifølgje Haugesunds Avis.


Hausten 1987 var det kommuneval, og forbrukaraksjonen arbeidde iherdig for å få gjort saka til eit tema i valkampen. Det vart skrive brev til ulike instansar, teke personleg kontakt med politikarar på alle nivå. Det vart skipa til møte med statssekretæren i Landbruksdepartementet, men alt til fånyttes. Hausten 1988 vart drifta ved Stord Meieri avslutta, og Etne Meieri tok over leveransane av konsummjølk i regionen.

Kjelder: Møteprotokoll «Forbrukaraksjonen for Stord Meieri» og ulike avisartiklar.


«Sunnhordland» 25.07 2014


Turid Tresselt Melheim