Mange var i Tysklandsbrigaden
Sjølv om krigshandlingane under siste verdskrig ikkje påverka oppvekståra for ungdom på Stord så mykje, fekk nokre oppleva krigens øydeleggingar etter krigen. I mitt arbeid med innsamling av livsminne er det fleire som har fortald om tida i Tysklandsbrigaden, ei tid som sjølv etter 70 år vert hugsa, med mange dramatiske minneglimt. Synet av lemlesta krigsveteranar utan armar og bein som sat og tigga inne i byane, vert aldri viska ut.
I etterkrigsåra var det omlag 50000 norske soldatar som fekk oppleva det krigsherja landet. Fleire av dei eg har intervjua, hadde si førstegongsteneste i Tysklandsbrigaden etter fullført rekruttskule i Noreg. Ungdommane fekk så eit opphald på 6 månader i tidsrommet januar 1947 til april i 1953 med vakthald og kamptrening, der mange av byane var jamna med jorda. Dei ulike brigadane vart omtalt med eit nummer der dei to første siffera viste året den var organisert, og tredje siffer om det var første eller andre brigade det året. Kor mange det var frå Stord som deltok i Tysklandsbrigaden, veit eg ikkje, men Odd Hetlesæter, Johann Belsvik, Anders Børtveit, Torgils Engevik, Torbjørn Haga og Ole Litlabø har fortald om dette. Spesielt dei første kontingentane som vart stasjonert i Hartz, underlagt 5. britiske divisjon kom tett på resultatet av dei allierte si «teppebombing» av byane. Kjeldene mine fortel òg at Karl Dahl, Tor Eldøy, Lars Engelsen, Edmund Hystad, Leif Nysæter og Harald Tjønn tenestegjorde i Tysklandsbrigaden for å nemna nokre.
Sjølv om brigaden var under britisk kommando, var det norsk administrativ leiing på rundt 200 personar som seinare vart kjernen i den nye Brigaden i Nord-Norge. Dei norske soldatane var ikkje «fagmilitære» slik dei britiske soldatane, men læreviljug norsk ungdom fekk god realistisk opplæring og røynsle som okkupasjonsstyrke. Mange av dei britiske soldatane hadde vore med på landgangen i Normandie og kjempa seg gjennom Europa mot endeleg kapitulasjon. Desse hadde ein tøffare tone er meg fortald. Men enkelte av informantane mine var med på fleire skarpe oppdrag som arrestasjonar og avvæpning. Livsminna frå då dei skulle arrestera SS- og Gestapo-folk som hadde flykta frå sovjetiske styrkar og okkupert ei tysk kaserne i Schleswig-Holstein vart eit minne for livet.
Anders Børtveit var ein av mine viktige informantar då eg samla inn lokalhistorisk stoff. Som vernepliktig i etterkrigsåra vart Anders teken ut til teneste i Tysklandsbrigaden. Etter fullført rekruttskule på Hvalsmoen vart han med Ingeniørtroppen til Rendsburg- og Neumünsterområdet på nyåret i 1950. Anders var utdanna elektrikar og vart lagleiar for 8-10 soldatar som hadde vedlikehaldsansvar for m.a. batteri-depot og lys i alle telta under øvingar. Av skriftlege kjelder ser eg at det var mange tragiske ulykker mellom dei norske soldatane. Dei fleste skjedde som køyreulykker og under handsaming av sprengstoff. Anders fortel om den svarte, feitthaldige brusteinen som vart «såpeglatt» ved nedbør, og som var årsak til mange av trafikkulykkene. Eit av minna han har frå brigade 501, er ein deformert militærmotorsykkel som var plassert som ein skulptur ved innkøyrsla til kaserneområdet. På eit godt synleg skilt sto: «Køyr varsamt, me har gravlagt han. Vert du den neste?». I Wikipedia ser eg at nære 40 nordmenn av dei som deltok i Tysklandsbrigaden, omkom i åra frå 1947 til 1953.
For mange av ungdomane var dette den første utenlandsturen og ei storhende i samtida. Fleire har fortald om spanande vaktoppdrag etter mørke stiar i skogsområde. Mange fyrte av ei salve og to inn mellom trena med automatvåpena, for ingen vart kravd rekneskap for ammunisjonsbruken.
Internett: Wikipedia/ Tysklandsbrigade søk
Munnlege kjelder: Anders Børtveit, Torgils Engevik og Odd Hetlesæter
«Sunnhordland» 30.oktober 2020
Oddbjørn Kvålsvold

