Som kokk på agentbåten til Wallendahl
Hermod Eide var berre 17 år då han i 1958 fekk eit tilbod om å mønstra på agentbåten Wallendal II som mannskap med ansvar for matlaginga. Skipper og ansvarleg for båten var Kristian Flateraaker som budde i Holo på Leirvik. På Vikjo hadde båten fortøyningsplass på utsida av «Ursjø» ved kaien til Sigvald Leirvik sitt kollager. Hermod fortel at skipper Kristian Flatråker og han gjekk nordover Langenuen tidleg måndags morgon for å ta ombord den handelsreisande. Det var kaiane i Os eller Hjellestad som var fast henteplass, nett etter korleis reiseplanen var. Kontoret til Wallendahl hadde i god tid før sendt postkort til kundane om kva veka dei rekna med å vera i området. Sesongen for agentbåtane var frå midten av august til jonsoktider. Då vart dei sett på slipp og fekk ettersyn av både båt og motorar.
Wallendahl II hadde eit oljefyrt sentralvarmeanlegg som gav god temperatur i alle opphaldsrom òg i dei kaldaste vintermånadene. Byssa var propanfyrt, og på akterdekket var montert ein stor isolert kasse der dei fekk påfylling av is når dei var oppom fiskemottak. Denne kassen var «kjøleskapet» til den unge kokken. Skipper Kristian Flateraaker var ein svært pertentleg båtførar og nærmast flaggskipper i Wallendal, og ein god læremeister for Hermod. Kvar gong båten kom til lands etter å ha fått sjøskvett på dekk, kobla skipperen til ferskvasslange og spylte båten, før han vaska over dekkshusa av teak med vaskefilla. Ja, sjølv eigne støvlar fekk godt vedlikehald og var ein sjøoffiser verdig.
Salsområdet for agenten var sør for Bergen, inn Hardangerfjorden, heile Sunnhordland, og heilt ned til Espevær og Utsira. Men grossistverksemda Wallendahl hadde på denne tid ein stor konkurrent i grossisten Berstad i Bergen. Desse hadde sine agentar som reiste i område med mykje godt det same vareutvalet. Hermod fortel om episodar inne i Hardangerfjorden, da skipper Flatråker «hoppa over» eit par kundestopp for å koma framfor konkurrenten i den vidare kundekontakten inn fjorden mot Odda. Sjølv om dette er livsminne frå vår nære fortid, var enno kommunikasjonen i slutten av 1950-åra ein heilt annan. Dei kunne ikkje fylgja båttrafikken og konkurrentane på PC-skjermen slik båtane kan i dag, mobil fantts ikkje og telefon var det berre dei få som hadde. Hermod Eide fortel at konkurrenten Berstad nytta båtar med namn som Malm, Stål og Jern i periodar, og Hansa bryggeri hadde Hansa II som agentbåt. Varehuset Sundt reiste rundt med Sporen, og agentbåten Firkløveren presenterte vareutvalet for Kløverhuset ute i distriktet.
Den unge kokken budde i ein lugar heilt framme i båten med nedgangsluka frå dekk, mens skipper og agent hadde felleslugar framføre styrehuset. Bak styrehuset var byssa med trappenedgang til messa for 5-6 personar og utstillingssalong. Agentbåten var innom mange små kaier der mindre skipsbyggeri var faste kundar på båtsaum og beslag. Ottesen Skipsbyggeri i Sagvåg var ein av dei større kundane. Her måtte dei rekna seg god tid, og agentbåten tok ofte landlege for natta. Fleire av dei involverte i drifta på vervet skulle tinga sine varer, og fekk servert kaffi og ein dram og to av Brandy Spesial- flaska til agenten. Ja, for kjøpsdram var vanleg å få, for dei som likte denne type varer. Hermod fortel at det var sedvane at agenten som vart henta på Os-landet måndags morgon, hadde med seg 3 flasker med edle dropar. Og det var Hermods ansvar som kokk, at det var reine drammeglas og nytrekt kaffi når kundar skulle presenterast varene.
Munnleg kjelde: Hermod Eide- f 1941
——
«Sunnhordland» 13 desember 2019.
Oddbjørn Kvålsvold

