Ein for alle og alle for ein
Nokre av forteljarane mine, som har livsminne frå miljøet i Gruo, gir gode døme på korleis klassesamfunnet påverka kvardagen ved Stordø Kisgruber. Borna fekk inn med «morsmjølka» kva som var skikk og bruk og akseptert åtferd i hierarkiet som regulerte forholdet mellom dei forskjellige grupperingaen. Direktøren saman med ingeniørstaben og funksjonærbustaden (Hus 100) trona på toppen med vidt utsyn over Storavatnet, stigarar i Stallbakken, og arbeidarbustader spreidde i områda Knatten, Midtbyen, Gjerdet, Rødkleiv og Nysæterneset. I Rødkleiv står det legendariske «Tusenhjemmet». Det var her ein av forteljarane mine, Johannes Vetås og mora flytta inn i 1954, saman med hennar nye ektemake.
Noko av det som har brent seg fast i minnet til dei som har budd på Litlabø, er pengeinnsamlingane fagforeininga fekk i stand til folk i naud. For mange vart listeberarane og hjelpelistene dei fremste symbola på fellesskap og solidariteten arbeidsfolk i mellom. I dei høve der nauda var svært stor , strekte ikkje pengane frå bidragslistene til. Men der det var snakk om å dekka eit kortare sjukehusopphald, legevitjing osv. var pengegåva frå kameratane nok til at familien unngjekk å koma på blokka til fattigstellet. Dei gode kjenslene som mange eldre har når det gjeld listeberarane og listene, skuldast nett dette.
Enno i 1950 -60 åra var det på Stord og i mange andre bygdelag i landet mindre «lukka miljø» der enkeltpersonar og venegjengar produserte sprit. Dette var hovudsakleg til eige bruk, men samtidskjelder fortel òg om «grundere» med heimeprodusert sprit som attåtnæring i konkurranse med kjøpespriten. Polvarene måtte tingast på Vinmonopolet i «bydn» og vart sende med båt til Leirvik. På kaien til Hauglandsbrødrene vart det ei ny barriere for dei som skulle henta ut polvarene, for Tor’en hadde full kontroll med alder og forbruk.
Som døme på samhaldet i Gruo fortel Johannes Vetås om eit av «heimabrentlaga» som var etablert der oppe med «seks aksjonærar». Denne venegjengen hadde konstruert og laga utstyr som dei nytta etter tur, og produksjonen førte til helgafyll og uro i nokre husvære. Johannes fortel at kona til ein av luteigarane prøvde å få slutt på helgefestane utan å lukkast. Så tok ho kontakt med bror til ein av dei mest aktive og utagerande i venegjengen. Han òg var einig i at nok var nok, så den fortvila kona orienterte lensmannskontoret om aktiviteten. Lensmann Haga kom til Litlabø saman med ein betjent og samla dei seks produsentane på kjøkkenet hjå den fortvila kona. Dei seks aksjonærane gjekk til full tilståing og ein av dei tok på seg ansvaret for spritproduksjonen. Johannes meiner å hugsa at resultatet vart ei bot på fleire hundre kroner. Det høyrer med til historia at produksjonsutstyret som venegjengen nytta var lagra nede i sitjebenken på kjøkkenet der lensmann Haga fekk full tilståing.
Johannes Vetås fortel vidare at etter at saka hadde roa seg og førelegget skulle betalast, skjedde noko som var typisk for gruvemiljøet. No starta medeigarane og andre «svirebrør» innsamling for å dekka bota. Johannes hugsar at stefaren betalte 10 kroner som sin part av førelegget. Ja, frå gruvemiljøet er det mange soger og døme på solidaritet, som stadfestar at slagordet, «ein for alle og alle for ein» var ein realitet.
Munnleg kjelde: Johannes Vetås f. 1940
Skriftleg kjelde: Øyvind Bjørnson: «Gruva» -1991
»Sunnhordland» 23.7..18.
Oddbjørn Kvålsvold

