Sykkelen vart nytta i mange samanhengar

Dei som gjekk i brodden for å føra Stord attende til ein syklande kommune, sette seg store mål, og kanskje var det starten på ein prosess som me vonleg kan hausta vinsten av i komande år. Det var i 2013 at kommunen signerte avtalen om Stord som sykkelby. Avtalen er mellom Statens vegvesen, Hordaland fylkeskommune og Stord kommune, der våre samarbeidspartnarar skulle yta mange 10-talls millionar til prosjektet. Me får vona at den yngre generasjonen vil ta sykkelvegane i bruk etter kvart som dei vert klargjorde, og ikkje berre masa om at dei må køyrast.



Mange av oss eldre hugsar frå tida då sykkelen var viktigaste reisemåten i lokalmiljøet. Ikkje minst vart sykkel nytta til og frå arbeidsplassen, og me fekk dagens trim til og frå arbeid. Dette var ei tid då folk flest fekk dekka trongen for muskelbruk og aktivitet gjennom arbeidsdagen. Ord som tredemølle og treningssenter fanst ikkje i ordforrådet vårt. På Kjøtteinen var det trongt om plassen i sykkelstativa så seint som i slutten av 1950- og 60-åra, endå HSD–bussar og privatbilane etter kvart overtok transporttrongen. Ein av dei som gjorde seg nytte av sykkelstativet på sin arbeidsplass, var Magne Tverrdal. Magne var ein ihuga syklist både i arbeidsamanheng og fritid. Som pensjonist var han òg sykkelbrukar og trassa vêr og vind året rundt, saman med Sivert Helland og nokre andre av den «gamle garden».

I ein samtale med Anna Barmen fortel ho om korleis sykkel var det viktigaste samferdselmidlet rundt om i lokalmiljøet i ungdomsåra. Som ein kuriositet vil eg fortelja om då ho og Svein Barmen skulle ta ut ekteskapslysing på prestekontoret til sokneprest Aksel Mjøs (1901-1962). Men først kan me som fekk oppleva Mjøs på prestekontoret, minnest hans omsut for sine sokneborn, med intime spørsmål om parforholdet og det viktige vegvalet som ekteskapet er. Då Anna og Svein Barmen skulle ta ut lysing, var Svein svært oppteken med øving på eit spelstykke i parken. Planen var å sykla inn til prestegarden saman med to vitne etter arbeidstid. Mennene sykla innover mot Nordbygdo med jentene på bagasjebrettet for å få dette unnagjort i ein fart. Men sokneprest Mjøs hadde eit opplegg som tok tid, fortel Anna. Dei måtte svara på mange spørsmål og høyra formanande ord frå presten og delta i salmesong. Den komande brudgomen vart derfor litt uroleg, for han tenkte på dei som sto i parken og venta på han. Og på heimveg framom Hystad-gardane ned mot Døso gjekk det fort. Ja, det heile heldt på å enda i «kaos og elende» då ein katt kryssa vegen, minnest Anna.

Anna og Svein Barmen var som mange av denne generasjonen flittige brukarar av sykkelen både i arbeidssamanheng og fritid. Det var sykkelen som den gongen var transportmiddel, og ikkje minst vart sykkel nytta når ein skulle vitja familie og vener. Anna har mange gode minne om korleis ho og Svein nytta sykkelen til å transportera ski og stavar til fjells. Det vart mange turar oppover Fjellgardsvegen til Lundseter der syklane vart parkerte, og så med ryggsekk, ski og stavar på nakken var det kort veg opp til snøen.

Munnleg kjelde: Anna Barmen – f.1929


Sunnhordland» 19.1.18.

Oddbjørn Kvålsvold