Kvinnene som braut ein barriere
Det er no 53 år sidan dei fyrste kvinnene braut ein barriere og viste at dei kunne hevda seg på ein mannsdominert arena. Til då hadde verkstadshallane på Stord Verft vore mannfolka sin domene. Men arbeidsstokken kjente til, at verftet hadde skrikande trong for fleire tilsette. Difor såg me med reell forventning, på at leiinga ville tilby opplæring til ei ny gruppe lokal arbeidskraft.
Det nye Vaksenopplæringssenteret vart teke i bruk hausten 1966, og det var her dei første fem kvinnene tok til på eit åtte vekers sveisekurs. Etter kurset vart alle fem tilsette ved verftet, og tok til i produksjonen før jul same året. I plateverkstad III, vart det tilrettelagt personalrom for kvinnelege arbeidstakarar og på sveiseplanet fekk dei sin arbeidsplass. I 1966 var sveiseyrke for kvinner, eit heilt nytt arbeidsområde og «upløygd mark». Stord Verft satsa difor på ein arbeidskraftreserve som stort sett var uprøvd, i ein periode då det var stor mangel på fagarbeidarar i verkstadindustrien. At leiinga tenkte nytt og ville utnytta reservearbeidskrafta frå nærmiljøet vart difor godt motteke blant folket på «golvet».
I en samtale med Kåre Midtun, fortel han om det første kurset der jenter deltok. Kåre var da instruktør på Kjøtteinen i lag med Øyvind Aas og Karl Nysæter. Sjølv om fagplanen til sveisekurset hadde litt teori og yrkeslæra, var det den praktiske tilnærminga som det var lagt mest vekt på. Kåre hugsar at det var to timar per dag som vart nytta til teoretisk opplæring i materialkunnskap, teiknelesing osv.., og denne delen var det Aas og Nysæter som tok seg av. For Kåre Midtun og dei andre instruktørane, var det litt spesielt å starta opp eit grunnleggjande sveisekurs, der mest halvparten av elevane var kvinner. Kåre fortel at dei fem jentene klarte seg fint på kurset. Desse fem pionerane, hevda seg kvalitetsmessigt like godt som mange av dei mannelege elevane. Etter kurskompendiet skulle elevane læra å bruka vanleg skjære- og brenneutstyr, samt fugebrennar. Dette utstyret var nok litt «skummelt» til og byrja med, men jentene takla og dette tilfredsstillande, seier sveiseinstruktøren frå 1966 kullet.
Kvinnene som tok til som sveisarar på Stord i 1966 var; Kjellaug Olsen, Ragnhild Grastveit, Bjørg Herstad, Svanhild Nilsen og Bjørg Torbergsen. Fire av desse pionerane var husmødrer med yrkeserfaring frå før, men som ønska ein ny yrkeskarriere. Kjellaug Olsen som tidlegare har arbeid i butikk, fortel i Systemposten, at ho ikkje har vorte meir trøtt av sveisearbeidet, enn ho var då ho «flaug rundt i forretninga» heile dagen. Men enkelt er det ikkje, å få til ein jamn og fin sveis utan feil. Rutinane og rytmen må innarbeidast og med trening skal det gå bra, seier ho til Systempostens representant. Ragnhild Grastveit kjem frå husmoryrket, og vil prøva seg i sveisefaget for ho tykkjer at lønstilbodet var bra. Med meir øving reknar ho med at dei skal klara kvalitetskrava og gjera nytte for seg, i det utradisjonelle yrke for kvinner. Den yngste av dei er den 20 år gamal Bjørg Torbergsen. Ho hadde tidlegare hatt huspost, men ville ta til i eit yrke som var betre betalt.
Etter tre år i produksjonen skreiv to av dei første kvinnelege sveisarane, Kjellaug Olsen og Ragnhild Grastveit seg inn i Norgeshistoria. Dei hadde gjort karriere på ein mannsdominert arena og teke Veritassertifikat, klasse 1. Men yrkeskarrieren til Ragnhild Grastveit og Kjellaug Olsen sluttar ikkje her. Tre år seinare, fekk dei begge utdelt fagbrev som sveisarar på ei tilstelling på Velferdshuset til Stord Verft.
Skriftelege kjelder: Eldre årgangar av «Systemposten»
Munnleg kjelde: Kåre Midtun – f. 1931
«Sunnhordland» 21. august 2019
Oddbjørn Kvålsvold

