Rydlandssagstemna – ei storhending i samtida
Mange av den eldste generasjonen har gode og sterke livsminne frå Rydlandssagstemna som var årvisst i barne- og ungdomsåra deira. Ikkje alle hadde like sterk religiøs trong til å delta, men dette var òg ei kulturell stormønstring som folk såg fram til. Mange av samtalepartnarane mine hugsar desse stemnesøndagane ved tuftene etter gamle Rydlandssaga med glede. Her samlast folk frå store delar av Stord, Fitjar og nærområdet. Nokre kom syklande, andre til fots, men kanskje kom dei fleste sjøvegen. Minne om alle hestane som vart «parkerte» oppe ved vegen, saman med flotte giggar og staselege stolkjerrer med fire hjul, fortel om samtida sine transportmiddel. Nede ved Dåfjorden låg det fullt av båtar, og forteljarane mine minnest at det var trongt om plassen der skøyter og mindre farkostar låg side om side.
Tradisjonen fortel at stemnesundagane tok til i 1903 med samlingar som nokre misjonsvener arrangerte i området mellom Svalevatnet og Tausavatnet, og denne stemneplassen skal ha vore nytta dei første sju åra. I boka om Sagvåg vert det òg fortalt at initiativet til stemna, kom frå nokre vener som var aktive i Kina-misjonen. Truleg var det Ole A. Risvold, Mathias M. Sagvåg og Ola O. Rimmereid, skriv Asbjørn Aasheim, i « Soga om Sagvåg». Då vegen mellom Stord og Fitjar var ferdig i 1909, vart ein ny stemneplass tilrettelagt i området der gamle Rydlandssaga stod nede ved sjøen. Her ser me i dag restane etter eit område som var ein viktig kulturell samlingsplass heilt ut i 1960-åra. Det første «Samøte» var ved sjøen 20. juni 1910, og kjeldene fortel at frammøtet auka etter at det vart lettare tilkomst både frå sjø og land. Mykje folk kom sjøvegen med skøyter og motorbåtar frå Stord, Moster, Bremnes og Fitjarøyane.
I ein samtale med Ole Litlabø fortel han om broren Sverre som var med og transporterte folk til stemnestaden ved saga. Ole som var fast grindgut for broren, stilte opp kvar sumar når broren skulle frakta folk til Rydlandssagstemne. Lastebilen til Sverre var «rigga» med benkeplass til ca. 20 personar, men hadde ikkje presenning over lasteplanet dei første åra, så dette var ein luftig tur for dei festkledde. I krigsåra var lastebilen påmontert vedgassgenerator, og Ole fortel at det var hans jobb å fyra opp generatoren før syskena skulle ut på oppdrag. Det vert fortalt at når misjonsfolka og andre samla seg til sumarmøte ved Rydlandssaga, var det fleire tusen menneskje enkelte år. Under siste verdskrig var det lite høve til å arrangere folkemøte og festdagar, men Rødlandssagstemna vart akseptert av okkupantane, og mange hugsar stemnedagen som eit godt sosialt fellesskap i ein heller tung kvardag.
Ein av forteljarane mine, Kåre Midtun, har minne om då han i lag med familien kom roande til stemneplassen. Her var mykje folk og mangt å fylgja med på for forvitne barneaugo i ei tid då «verda» var heimen, bygda og nærmaste tettstad. For ungane var matøkta som tok til etter 1 ½ time møteverksemd ei viktig hending. Minne frå då familiane sessa seg rundt matkorga og det vanka gode skiver med både egg og sild vert hugsa. Lukt av kaffi som vart kokt på små bål, blanda seg med eimen av kakao. Nokre av forteljarane mine minnast at her fekk dei smaka is for fyrste gongen, og nokre fortel om at foreldra spanderte på dei ein «brusunge» (0.25 l.). Brus var ikkje nett kvardagskost for ungar som har livsminne frå 1930 og 40-åra, og nokre måtte ta til takke med dei «slantane» som var att på flasker dei fann i buskar og kratt.
Forteljarane mine har minne om handelsbuene som vart ein del av arrangementet etter ei tid, der driftige kremmarar selde brus, is og snop, kaffi, kaker og meir til. Av bilete frå mellomkrigstida kan ein sjå at det var fleire små bygningar nede ved utlaupet av elva, og at flagget vaia i ein lett bris på stemnedagen. I dag ser me berre tuftene av desse bygningane, men den støypte plattingen med plass til talaren viser kor sjølve stemneplassen var.
Munnlege kjelder:
Kåre Midtun f. 1931
Ole Litlabø f. 1932
Skriftleg kjelde:
Asbjørn Aasheim, «Soga om Sagvåg»
«Sunnhordland» måndag 27.februar 2017
Oddbjørn Kvålsvold


