Gode livsminne frå Gruo
Folk som vaks opp i Gruo, kan fortelja minne frå eit aktivt nærmiljø der idrett og leik gjekk hand i hand. 1950- åra var ikkje berre ei blomstringstid for Stordø Kisgruber, men òg for idrottslivet på staden. I 1960 vann Litlabø skule friidrottstevlinga mellom skulane på Stord for tredje gong på rad og fekk dermed skjoldet til odel og eige. Dette fortel historikaren Øyvind Bjørnson i jubileumsboka om Litlabø-samfunnet som kom ut i 1991.
Johannes Vetås flytta til Litlabø som tenåring i 1954 og vart ein del av eit aktivt idrottsmiljø. På denne tida var Parken i Gruo samlingsplassen for tenåringane, fortel Vetås. Etter fagutdanning ved Stord Verft reiste han til sjøs, tok masknistutdaning og seinare ingeniørskule før han vart lærar ved Sikkerhetssentret på Sotra. Han bur no i Nord- Hordaland, men er attende til «Venelaget for Gruo» og gir ei hjelpande hand både titt og ofte. Her råker han mange av sine vener frå ungdomsåra på Litlabø, gode år med mange kjekke minne, fortel han. Sjølv om området i Parken arealmessig var snevert, fekk mange der sine første treningsøkter og kontakt med organisert konkurranse i friidrottstevlingar, både høgdehopp og stille lengde. Område var ein samlingsplass for alle borna i det sterkt klasseprega gruvesamfunnet. Men ungane fann felles interesser i tevlingane i Parken og det vart utvikla idrottstalentar der. Om borna hadde ein funksjonær, drivar eller dokaggetømer som far, var ikkje noko hinder for å delta i miljøet, minnest han. Dette var 1. generasjons innvandrarborn, med foreldre som hadde flytta til Gruo. Dialekten som vart nytta i veneflokken, var eit «samsurium», ei blanding med innslag frå heile landet.
For ungane på Litlabø var det ein stor dag då dei kunne ta i bruk grusbanen i Rødkleiv. No vart det større fart i treninga, for her var det meir profesjonelt utstyr. Ikkje minst var det tilrettelagt 60 og 100 meter banar, men det var òg 400 meter, der ein sprang 1 ½ gonger rundt grusbanen. I dette miljøet var Ivar Helleland og Magne Høgås førebilete, fortel Johannes Vetås. Han hugsar at Helleland hadde ein unik spenst i kroppen og var på denne tida mellom dei beste utøvarar i stille lengde i landet, med 3,43 m. Om vinteren i hoppbakken dominerte Kåre Høgås, Ingvald og Svein Thomassen, saman med den noko eldre Harald Madtsen.
Sjølv om Johannes Vetås ikkje fortel så mykje om eigne bragder, hugsar me som var unge på denne tida hans fantastiske fart og driv. Med hard trening og god rettleiing av mellom andre Asbjørn Lunde sigla han opp i teten på 100-meteren i Sunnhordland, der Kjærand Lunde og Magne Høgås hadde dominert distansen lenge. Sjølv arbeidde eg saman med Vetås ved Stord Verft som læregut i slutten av 1950- åra og hugsar hans trening. I ledige stunder øvde Johannes på starttrening i midtgongen på Plv. II , og i middagspausane trena han saman med Asbjørn Lunde på sprintstyrke, med å spurta opp dei lange trappene til Velferdsbygget gong etter gong.
Johannes Vetås representerte Stord Idrettslag dei åra han var aktiv og hausta medaljar både i militær- og klubbmeisterskap, Sunnhordlands-, krinsmeisterskap og Oddaleikane. På stemnet i Uskedalen i 1960 vann han gullet på 100-meteren og var med å sikra siger på stafetten for Stord. Men høgdepunktet i hans karriere var å vinne 100-meteren i Sunnhordlandsmeisterskapet på Åsbanen i 1961 på tid 11 blank og Oddaleikane på 10.9, som òg er personleg rekord . Grueguten fortel om mange gode minne frå eit tøft, men aktivt oppvekstmiljø, eit miljø der leik og idrett var spesielt inkluderande, for dei som vaks opp i eit typisk klassedelt samfunn.
Munnleg kjelde: Johannes Vetås – f. 1940
«Sunnhordland» måndag 22.. mai 2017
Oddbjørn Kvålsvold

