Gudleik i Huglo – den første kjende «stordabu»
Påskelaurdag 13. april i året 1314 var Gudleik saman med mykje anna gjævt folk frå Sunnhordland og Hardanger til stades på garden Øvrebø på Borgundøya. Dei var der for å taksera det godset som Torkjell bonde då overførte til svigerdottera Ingegjerd etter at sonen Askjell var død. Og det var ingen liten formue det var tale om. Den var verdsett til 62 kyr. Noko av denne eiga hadde ho hatt med seg heimanfrå som dotter til Torgaut på Aga i Hardanger.
Takseringa vart nedskriven i eit eige dokument som no er i Riksarkivet i Oslo og ei avskrift er trykt i Diplomatarium Norvegicum (DN). Underskrivarane på dokumentet er abbed Eirik og bror Aslak frå Halsnøy kloster saman med Ingebjørg på Skjelnes, Peter på Sandven, Sigurd på Torsnes, Jon på Norheim og til sist «Gudleikr j Huggul». Mest sannsynleg er dei rekna opp etter rang og alder. Frå andre kjelder veit me ein del om Peter og Sigurd. Dei var begge gift med to søstre frå garden Norheim i Kvam, og dei høyrde til den regionale eliten, adelen, på denne tida. Det same var nok tilfelle for Ingebjørg sidan ho er nemnt først, og for Jon som må vera frå den såkalla «Norheimsætti».
Kva så med Gudleik? Han er ikkje nemnt i andre dokument og me veit difor ikkje sikkert kva som knytte han til dei andre underskrivarane. Men sannsynlegvis har lokalhistorikaren Olav Kolltveit rett når han hevdar at alle «må høyra til same ættarkrinsen».
Tretten år seinare, i 1327, er ein Ogmund i Huglo vitne for Halsnøy kloster i tvisten om grensene for skogteigen Indreteigen på Skorpo i Tysnes. Ogmund og Gudleik var kanskje i slekt med kvarandre. Sidan gardane på Sørhuglo var klostergods, er det mest truleg at desse to var bufaste på Nordhuglo.
Det har vore peika på at det i seinmellomalderen var uvanleg mange namn på Huglo og Skorpo som byrja med Gud-, såleis Gudleik begge stader i ei skatteliste frå 1518. Med utgangspunkt i den kjende bautasteinen frå Nordhuglo meinte stadnamngranskaren Eivind Vågslid at dette kunne «tyda på at det hev vori ei gamal hovdingætt på Huglo der kver einskild hovding hev hatt yrkesnemnet gud.» Og gud er då ikkje å forstå som Gud, men eit ord for hovding.
Gudleik i Huglo er den første me veit namnet på frå det området som i dag utgjer Stord kommune. Men han var nok ingen stordabu i moderne tyding av ordet. I mellomalderen er Stord alltid å forstå som øya Stord. Dei gardane som er nemnde på 1400-talet seiest å liggja i «Årlands (Ådlands) kyrkjesokn på Stord i Kåravika skipreide på Sunnhordland». Etter reformasjonen 1537 kom det nyskipa Stord prestegjeld til å omfatta hovudsokna Stord med Fitjar og Valestrand som annekssokner. Omgrepet stordabu skriv seg vel helst frå 1800-talet etter at prestegjeldet vart eigen kommune og soknene vart eigne kommunar frå 1860-talet.
Viktigaste kjeldene er DN I nr. 142, jf. Regesta Norvegica III nr. 890; Jo Rune Ugulen: «…alle the knaber ther inde och sædescwenne…». Ei undersøking i den sosiale samansetjinga av den jordeigande eliten på Vestlandet i mellomalderen (2006/2008); Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid (1963); Eivind Vågslid: Stadnamntydingar IV (1984).
«Sunnhordland » 5-6 2015
Egil Nysæter

