Barneforeninga på Ådland

Foto: Privat

Mange som har delt livsminne med meg har delteke i barne- og ungdomsforeningar i sine oppvekstår. Ofte var disse knytta opp mot lekmannsrørsler og kristent misjonsarbeid. Ei av forteljarane mine, Tordis Vikene, vaks opp på Ådland og gjekk i alle barneår i stova til Anna og Herman Ådland på barneforening. Stova var ikkje så stor, men hjå Anna og Hermann samlast mest alle borna i grenda og vidare kring, fortel Tordis. Det var mest jenter som deltok , men og gutar var med heile barndommen fram til konfirmasjonsalderen.


Tradisjonen fortel at stova til Anna og Hermann var ein samlingsstad for aktivt misjonsarbeid, og mange har gode minne frå heimen deira. Herman Torbjørnsson Ådland (1880 – 1963) fekk skøyte på farsgarden i 1913, etter at han hadde vore i U.S.A. ei tid. Han var gift med Anna Bergesdtr. Borrevik (1883 – 1959). Men lenge før dette var det tradisjon med foreningsarbeid på Ådland, der føremålet var å samla inn pengar til misjonsarbeid ute i den store verda. Bygdeboka for Stord fortel om lekmannsrørsla i kommunen og skiping av den første kvinneforeninga på Ådland alt i 1880 åra.


Tordis Vikene hugsar at dei song mykje i foreninga, og spesielt var songen « Eg er ein liten hærmann» kjekk å syngja. Då song dei «Herman» så det ljoma i stova, og meinte husfaren. «Stakkars små i heidningland», var ein annan song som vart innøvd og sitt i minnet. Anna som leia samlingane, var flink til å læra frå seg både spøting og syarbeid. Mange av jentene fekk si grunnopplæring i handarbeid av Anna, ho var tolmodig og hjelpte dei etter tur. Vidare var det alltid opplesing frå misjonsbladet på foreningskveldane. Her fekk dei historier frå fjerne himmelstrok og «heidninglanda», og om korleis misjonærane hadde det saman med dei fattige på Madagaskar.


Enkelte kveldar kokte Anna kakao og serverte kake til borna som var sessa i stova hennar. Dette var ei storhending for born som voks opp i krigsåra, med rasjoneringskort og skort på det meste. Ja, forteljaren min kjenner enno smaken av den gode kakaoen og kringla når ho tenkjer attende på samlingane. Ho har og minne om Herman som kom inn i stova, tok seg ein kopp kaffi, og sette seg ned og skøya med borna. Han vert hugsa som ein lettliva kar, ein som kunne skøya med dei og spreidde lått og løye i stova.


Den store fellesbasaren i Bedehuset på Leirvik er eit av høgdepunkta i barneminna. Dette var ei hending som både born og vaksne såg fram til i samtida. No vart handarbeidet dei hadde laga i barneforeninga hengt opp på snorer, mellom andre gevinstar frå misjonsvenene. Gevinstsamlinga var allsidig, hugsar Tordis. Her var alt frå poteter og grønsaker, til nyttige tre- gjenstandar, og ikkje minst strikka klede og flotte broderte dukar. Det var alltid fullt i bedehuset disse basarkveldane og stor etterspurnad når åresalet starta. Under trekking av gevinstane var det stor spenning i salen og lufta mest dirra. Ja, for ungane var det stas å vinna noko, hugsar

Tordis, – sjølv om det berre var ein stor rund kålrabi.



Munnleg kjelde:           Tordis Vikene f. 1936

Skriftleg kjelde:           Stord bygdebok – bind II – III



«Sunnhordland» fredag 31. desember 2015


Oddbjørn Kvålsvold