• Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button
  • Slide title

    Write your caption here
    Button

Rusletur på Lundarstøl 4.juni 2015

Tekst til bileta:

Frå stova til Peder Lundarstøl. Foto: Bjørn Bjørlykke

 Turid Tresselt Melheim gjev eit historisk tilbakeblikk. Foto Bjørn Bjørlykke

 Jens Litlabø fortel om stølsdrift. Foto Bjørn Bjørlykke

Frå Kyviksetra. Foto: Bjørn Bjørlykke

Dei første sauene på veg til fjells. Foto: Bjørn Bjørlykke

 


Det vart slutt på seterdrift på Stord for over hundre år sidan. Stord sogelag markerte 20-årsjubileum på Lundarstol, som opphavleg var seter.


I Stord kommune var det minst 20 setrar fram til 1900-talet. I 1665 var det registrert seter for Meham-mer, Børtveit, Agdestein og Hetlesæter: Det var helst dei gardane med grense mot fjellet som hadde seter til fjells. Både sauer, kyr og hestar vart følgde til setra utpå sommaren. Nokon gardar hadde også seter langt innpå fjellet, slik Rommetveit og Kyvik hadde i Martebrotet. Namnet Martebrotet kjem truleg av at det ein gong var ei Marte som var seterjente der. Dette kunne Jens Litlabø fortelja då Stord sogelag markerte 20-årsjubileet på Lundarstøl torsdag kveld.


Seter og støl

Lundarstøl er opphavleg ei seter. Den høyrde til garden Nedre Økland. Peder Lundarstøl fekk bygselsetel på setra i 1822, og det vart då husmannsplass. Den eldste stova på dagens Lundarstøl er svært gammal og var truleg den opphavlege bua på setra til garden Nedre Økland. Fleire gardar hadde både støl og seter. Stølen var ein open plass, ikkje så langt frå garden, der dei mjølka kyrne om sommaren. Setra låg lenger opp mot fjellet. I dag er det så å seia ikkje noko igjen av dei mange setrane i Stord.


Ressursutnytting

Jens Litlabø kunne fortelja at det nok ikkje berre var hardt arbeid og dyr på setrane. – Det kan nok tenkjast at setra også vart brukt til ulike fritidsføremål, i den grad dei hadde fritid. Eg ser for meg at det kan ha vore freistande for dei unge å trekkja seg tilbake på setra for å få litt tid for seg sjølv. Så setrane har nok opplevd både kjærleik og frieri, seier han. men legg til at setrane vart bygde og brukte meir til nytte enn til glede.

– Det var enormt god ressursutnytting. For å spara på gras og for på heimebøen førte dei dyra opp i utmarka og til fjells for at dei skulle beita der. Det førte også til at dyra heldt nede brakje og småskog, som i dag får breia om seg i altfor stor grad, sa Jens Litlabø til dei nærare 30 som var samla inne på Lundarstøl.



Æresmedlemer

Anstein Lohndal og Nils Tore Økland vart begge utnemnde til æresmedlemer i Stord sogelag. Begge to har vore med sidan starten i 1995 og bidrege med fleire artiklar i årsskriftet sogelaget gjev ut.

 

 

GEIR ROMMETVEIT geir@sunnhordland.no