Acetylen- og oksygenfabrikken ved Stord Verft
Etter som stålskipsbyggjeria voks fram i Sunnhordaland, vart det trong for større mengder av acetylen- og oksygen til industriell bruk. I «Systemposten» som kom ut til jul i 1958, er det ein artikkel med tittelen; «Med luft, vann og karbid som råmatriale». Denne fortel om den nye gassfabrikken som nett hadde starta opp på Kjøtteinen. I byrjinga arbeidde det fire tilsette ved fabrikken, der Vidar Djuve var maskinmeister og Alf Hjelmen gassmeister, saman med Arne Hansen og Konrad Tranøy.
I ein samtale med Alf Hjelmen fortel han om då han fekk tilbod om jobben på gassfabrikken av Onar Onarheim og måtte reisa til NAG sin fabrikk i Stavanger for opplæring. Vidar Djuve var då tilsett og hadde vore på fabrikken i Bergen på opplæring. Vidare arbeidde Hjelmen ei tid på gassfabrikken i Mo i Rana for å få erfaring med drift og vedlikehald. I den første perioden før dei tok til å produsera på Kjøteinen, fekk fabrikken enkeltflasker og flaskebankar på 12 stk. med bilar frå Bergen Størstedelen vart levert direkte inn på røyrsystemet på verftet, men og dei andre brukarane i Sunnhordland sparte store summar i fraktkostnader etter at gassen vart produsert i nærområdet.
Andreas Valvatna som arbeidde ein peiode på gassfabrikken, fortel om produksjonen i dei åra han var der. Karbiden som vart nytta til å laga acetylengass av, kom med trailerar frå Odda Smelteverk. Fata på 100 liter vart opna med spesialverkty for å unngå gneistar og vart tømde i produksjonsmaskina. Her vart det tilsett vatn som aktiviserte karbiden og det vart danna acetylen ved ein kjemisk reaksjon. Acetylengassen Andreas var med å laga, vart pumpa på flasker for sending eller tilkopla flaskebanken for fordelingsnettet på verftet. Restproduktet av produksjonen var kalk/ slam, som Halbert Landa (1891 – 1967) henta med hest og kjerre kvar gong dei reingjorde utstyret. Dette var kalk som bonden på Landa brukte på bakkane sine, eit fint tiltak for god utnytting av ressursar. Eg vil og nemna at eldre arbeidarar har fortald at dei var med og brukte karbidlykter som lyskjelde ute på verkstaden under og etter siste verdskrig på Kjøtteinen. Så det var ikkje berre i Gruo slike lykter vart nytta som arbeidslys.
Alf Hjelmen fortel òg om dramatikken som oppstod då fabrikken brann 6. mars 1975. Røyrsystemet nede på verkstadområdet var den gongen ikkje fullverdig sikra mot «tilbakeslag», noko som kan henda når ein brukar varmebend eller skjerebrennar utstyr. Ein antok at flammar hadde spreidd seg opp til fabrikken via røyrnettet. Alf hugsar at då «tilbakeslaget» nådde inn i fabrikken, slo stikkflammane ut i alle retningar, men heldigvis nådde han stoppknappen og fekk stengt av produksjonsutstyret. Sjølv vart han påført sviskader i andletet då han sprang til kranane for å stenga ned fabrikken.
For oss som arbeidde på verftet, sit minna frå den dramatiske, eksplosjonsarta brannen som eit skrekkscenario i oss. Me hugsar drønna då acetylenflaskene rivna inne i fabrikken, eldtungene og den svarte røyken. Me såg flaskene med gass som fauk ut gjennom taket og flammane som var faretruande nær dei store tankane med oksygen bak fabrikkbygget. Men stordsamfunnet var heldig, Alf Hjelmen nådde naudstoppen. Og Stord Verftet sitt industrivern saman med Stord kom. brannvern klarte å verna og kjøla ned dei store tankane med oksygen. Ja, frislepp av så store mengder oksygen ville kunna medført uante fylgjer for nærområdet.
Historia om gassfabrikken som vart bygd på Kjøtteinen i 1958, sluttar ikkje her, – men noko av utstyret enda i Libanon, fortel Andreas Valvatne. Han var med og demonterte røyr og produksjonsutstyr og merka delane før dei vart pakka og eksportert. Vidare kom det to libanesarar til Stordfabrikken. Dei fekk opplæring og var med på jobben. Norgass AS sin fabrikk i Kristiansand hadde ansvaret for sal og skulle hjelpa til med monteringa i Libanon.
Munnlege kjelder: Alf Hjelmen f. 1923
Andreas Valvatne f. 1933
Skriftleg kjelde: Systemposten
«Sunnhordland» onsdag 16 august 2017
Oddbjørn Kvålsvold

