Brennaryrket – ein del av mitt arbeidsliv 

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

I vår nære fortid satsa Stord Verft på arbeidskraft med oppvekst og erfaring frå småbruk og fiske. Slik var det òg då svigerfar til Adolf Rongevær, Halvard Haga, spurde personalsjef Lindeflaten om arbeid til svigersonen. Spørsmålet var; «Kva var han ifrå og kva arbeidserfaring  har han»? Haga fortalde då at Adolf var frå ei øy i Nordhordland, vakse opp på eit småbruk og hadde vore fiskar og hjelpt foreldra med gardsdrifta. «Det er slike folk me treng så han kan byrja på måndag», svara Lindeflaten.


Adolf Rongevær minnest at det vart spesielt å koma inn porten på ei så stor verksemd som Stord Verft i 1961. Eit yrande liv med folk, støyande maskiner, gneistar, kvasse lysglimt og kranar både på bakken og under taket i hallane. For han som ikkje hadde peiling på kva industriyrke innebar, vart dette overveldande dei første dagane. På brenneavdelinga med Sverre Evanger som arbeidsleiar fekk han sin arbeidsplass og her tok arbeidskameratane vel i mot han. 


Rongevær rosar arbeidskollegaene i avdelinga, som Evanger gav i oppgåve å læra han det mest elementære ved bruk av brenne- og skjereutstyr. Den unge lærevillige mannen frå Nordhordland fekk først instruksjon i korleis acetylen- og oksygen vart nytta til å skjera stål med handbrennarar. Så vart det opplæring i bruk av små brenneautomatar, men etter kvart òg større brennemaskiner styrde med holkortsystem. Adolf var tydeleg ein som likte denne jobben og tykte det var spanande å få nye oppgåver. Han fortel om den gode kjensla han bar på etter kvart som han takla dei nye utfordringane, og han registrerte at kvaliteten var tilfredsstillande. Ei slik oppgåve var å handsama tjukke stålplater som skulle tynnast ut med tre skjerebrennarar i forskjellige vinklar i ein operasjon. (overmålkutt, uttynning og v-fuge). Dette var før dataprogramma tok over og styrer mange av maskinene våre, så brennarane måtte kunna sit fag skulle resultatet verta godt. 


Eit anna område som Rongevær etter kvart måtte læra var å bruka fugebrennaren. Dette var viktige brenneoppgåver i faget før bruk av kolstift og andre arbeidsteknikkar tok over. Då Adolf fekk demonstrert fugebrennar første gongen, uttalte han at dette såg svært vanskeleg ut. Men instruktøren spurde om han kunne mjølka, noko han stadfesta.  «Ja, då lærer du dette fort», sa hjelparen. Me varmar opp stålet og så blæs me vekk den glødane massen med oksygenstrålen. Du må innarbeida ein jamn pulserande rytme», vart han forklart. 


Adolf lærte teknikken og fekk etter kvart mange krevjande oppgåver med fugebrennaren. Ikkje berre hundrevis av meter med fuging av baksveis, eller oppgåver med fjerning av knastar. Med krevjande oppgåver i tronge rom m.a. bak i maskinrommet. Her måtte Adolf krype gjennom fleire tronge «mannhull», dragande på lange slangar. Når så den  kraftige fugebrennarar vart tent steig temperaturen raskt, og oksygenforbruket auka. Dette var i 1960-åra, så kunnskap om nitrøse gassar var mangelfull. Som  andedrettsvern vart det berre nytta nokre enkle støvmasker som fanga opp dei grove støvpartiklane. 



Adolf Rongevær var ein av dei mange som var eit lite hjul i det store samspelet som bygde dei store tankskipa i verdsklasse. I dei ni åra han arbeidde som brennar ved verftet, var det ca. 1600 faste tilsette i produksjonsavdelingane og 400 i administrasjonen. For oss som var ein del av «tannhjulet» i denne tida, var det ein god arbeidsplass med samhandling mot felles mål. 


Munnleg kjelde:

Adolf Rongevær f. 1935


«Sunnhordland» 22. februar 2021


Oddbjørn Kvålsvold