Eidsavlegging og val i Stord kyrkje fredag 18. mars 1814

Denne dagen var folk samla til ekstraordinær bededag i den gamle Stordakyrkja; hovudkyrkja i det gamle Stord prestegjeld som også omfatta Fitjar og Valestrand.

Ved Kielfreden 14. januar måtte danskekongen gje frå seg Noreg til Sverige. Tronarvingen, prins Kristian Fredrik som var statthaldar i Noreg, stilte seg då i spissen for eit sjølvstendig Noreg. Planen hans var først å gjera seg til konge i kraft av arveretten til riket. Men på stormannsmøtet på Eidsvoll 16. februar fekk han råd om å kalla saman ei riksforsamling for å utarbeida ei grunnlov for landet. Berre tre dagar seinare sende han så, som regent, brev til bispane om den ekstraordinære bededagen.


Etter ein stutt, men kraftfull innleiingstale skulle presten lesa kong Fredrik 6.s brev om at det norske folket var løyst frå truskapseiden sin til den eineveldige kongen. Deretter skulle Kristian Fredriks opne brev lesast. Folket skulle oppfordrast til avleggja følgjande høgtidelege eid: ””Sværge I at, at hævde Norges Selvstændighed, og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreland? hvilket med opløftede Fingre besvares med: ”Det sværge vi, saa sandt hjælpe os Gud og Hans hellige Ord”!”. Særleg demokratisk kan ein ikkje kalla framgangsmåten. Etter eiden skulle det haldast ei passande preik over Davids salme 62, 8-9.


Etter gudstenesta skulle det veljast to menn til å møta i Bergen for å velja tre representantar frå amtet (fylket) til å møta på Eidsvoll. Den eine av desse to skulle vera av bondestanden. Opplysningar om eid og val vart skriftfesta i ei adresse (høgtideleg skriv) underskrive av prest og klokkar, lensmenn, presten sine medhjelparar og fattigkommisærar, i alt 14 menn. Adressa tok eidsvollmennene med til Kristian Fredrik. I adressa frå Stord heiter det: ”Storøens Præstegjelds Almue haver tilsvoret Fædrene Landet ubrødelig Troeskab, og ved et frit Valg haver Pluraliteten [fleirtalet] udkaaret de tvende hæderlige Mænd Velædle Hr. Foged Budtz og Selvejer paa Gaarden Kyvigen Peder Haldorsen”.


Dei to møtte saman med 42 andre valmenn på Bergens Rådstue den 28. mars. Der fekk sorenskrivar i Hardanger og Voss Arnoldus von Westen Sylow Koren (busett i Kinsarvik), sokneprest i Voss Georg Burchard Jersin og ”Bondemand” Brynnild Anderssøn Gierager, Voss, flest røyster som utvalde frå Søndre Bergenhus amt (omfatta ikkje Bergen).



Det var knapt tilfeldig at det nettopp var Peder Haldorsen som stordabuane ville ha som bonderepresentant. Soknepresten Eric Olsen hadde i eit trykt skrift året før utpeika Peder som hovudmannen bak motstanden frå stordabuane mot å yta den såkalla offerskjeppa med havre til presten. Men Peder var kar for å svara i eit nytt trykt skrift. Olsen stemnde han då for ærekrenking fordi han hadde hevda at presten var driven av ”Begjærlighed og Trættelyst”. Berre tre dagar før denne bededagen hadde presten og bonden møtst for første gong på tinget i ei lang rettssak. Om denne striden og utfallet kan du lesa i Nils Olav Østrem: Stord frå steinalder til oljealder bd. II, s. 89-93. Adressa sjå same stad; kopi av original: www.arkivverket.no/arkivverket/Tema/1814/.


«Sunnhordland» 28.02 2014


Egil Nysæter