Kulturminneprosjekt for barnehagar og skular

Stord Sogelag har bilde av ei stor eik i logoen sin. Då sogelaget vedtok dette, tenkte me på det gamle kinesiske ordtaket: «Å gløyma forfedrane sine er som å vera ein bekk utan kjelde eller eit tre utan rot.»


Å ha kunnskap om oppleva og forstå sin eigen kultur er viktig når det gjeld å byggja identitet og sjølvkjensle. Når me kjenner og er trygge på vår eigen kultur, vil me lettare kjenna att og forstå kulturen til andre menneske.


Gjennom massemedium og internett er menneska mottakarar av bilde, ord og lydar stykkevis og oppdelt, og som gjev oss eit kaotisk inntrykk av omverda. I ein slik situasjon er det særleg viktig å gje barna i barnehagen og elevane i skulen kunnskapar og forståing for sin eigen kultur. Lokale kulturminne er då nyttige. Kvar av dei fortel om eit tidspunkt i historia. Me kan sansa og oppleva noko ved eit kulturminne. Dei fortel om menneska i ein gitt situasjon. Me kan læra om kven desse menneska var, kvar dei budde, kva dei gjorde på, korleis husa var, kva dei åt osb. Me kan sitja ved eit kulturminne og undra oss.


I samband med læreplanane og andre stortingsmeldingar presiserte Utdanningsdepartementet at barnehagar og skular må nytta kulturminna i nærområdet i sterkare grad. M.a. kan dette gjerast ved at ein barnehage og skule «adopterer» eit kulturminne, passar på det og nyttar det når ein arbeider med fagstoff der det høver inn. Kulturminna har verdi som «historieforteljarar og vitne om lange tidsliner i landskapet».

Stord Sogelag drøfta denne saka på styremøte 27.04.2014. Styret vedtok å senda ein førespurnad til Kultureininga og til kommunalsjef for barnehage og skule om dei kunne vera med på å samarbeida om eit slikt prosjekt. Det var dei svært interessert i, og kulturkonsulenten tok kontakt med Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland Fylkeskommune om dei var interessert. Dei ville vera med.


Me blei samde om at det truleg var tenleg å starta med eitt eller nokre får kulturminne som døme. Me kunne då finna ut korleis eit slikt prosjekt kunne utviklast, så som prosedyrar, oppgåvedeling, samarbeidspartar, kostnader, døme på bruk i opplæringa osb.Prosjektet valde ut ei gammal nausttomt frå om lag år 1000-1350 på Rommetveit som døme. Nausttomta ligg ved stranda bort mot Kråkeholmen. Veggvollane består av stein og jord, og indre mål er om lag 28 x 15 m. Tufta er graven ned i bakken og vollane er om lag 1 meter høge frå innsida, medan dei på utsida går mest i eitt med terrenget elles. I vestlege del av søre langvoll ligg ein del blokker i dagen. I aust-nordaust, i nedre kant av tufta, står eit naust.


Naust av denne typen er ein stor bygning, og kan ha vore laga for å husa meir enn ein båt. Det kan ha hatt samanheng med leidangen, eller eventuelt ha vore tiltenkt handelsverksemd.

(Bygdebok Stord, band 1, og artikkel av Bjørn Myhre «Boathouses as indicators of political organization», 1985.)


10.juni 2014 hadde me synfaring på den gamle nausttufta.

Etter synfaringa på nausttomten, gjekk me bort til Breivikneset og såg på ein gravhaug der frå tida kring Jesu fødsel. Gruppa blei samde om å ta denne gravhaugen med i prosjektet.


I romartida (frå Kr.f. – 400 e.Kr) vart to kvinner gravlagde i denne haugen. Den eldste frå andre halvdel av 100-talet e.Kr., dvs. eldre romartid. Ei lita draktspenne låg i likbålet og daterer grava.

På 300-talet e.Kr. vart endå ei kvinne gravlagd i haugen. Ho fekk m.a. med seg eit drikkeglas, innført frå Romarriket og laga i dei austromerske provinsane kring Svartehavet eller i Syria.


Grava har vore brukt fleire gonger som grav i jernalderen. Grava var 18 meter i tverrmål og nær 2 meter høg. Ho må ha vore godt synleg ut mot sjøen. Stein frå grava har opp gjennom åra vore brukt til byggjeverksemd, m.a. Seminarbrygga.


Det vart laga til følgjande prosjektgruppe: Guri Aksnes, kulturkonsulent, Stord kommune, Marit Kjelby, skulefagleg rådgjevar, Stord kommune, arkeolog Solveig Lohne Rongved, Kultur og idrettsavdelinga, Hordaland Fylkeskommune, Atle Bjørn Mæhle, Stord Sogelag. Ragnhild Lunde, Statsbygg, og Laila Tytingsvåg, Villvettene barnehage, avd. Rommetveit.


Våren 2015 hadde me nokre dugnadsøkter og rydda og ordna dei to kulturminna. Prosjektgruppa fekk utarbeidd skjøtselsplan. Ein slik plan fortel om kulturminnet, og omtalar kva dei ulike partane har ansvar for. Det vart laga informasjonsskilt til dei to kulturminna med illustrasjonar.


Rommetveit skule, Nordbygda ungdomsskule og Villvettene barnehage og Vaksenopplæringa har nytta kulturminna i opplæringa.


Prosjektet arbeider no med å leggja betre til rette kulturminna i Hystadmarka for opplæringsarbeid. Hystad skule og Sævarhagen barnehage er med i prosjektgruppa i dette området.


«Sunnhordland» måndag 30. januar 2017



Atle Bjørn Mæhle