Vegval i vårt livslaup

Foto: Oddbjørn Kvålsvold

For mange av oss har livsvegen hatt mange vegval og krav til omstillingar. Ein av dei som har delt livssoga si med meg, er Torbjørn Langeland. Som unggut flytta han til Stord og tok til på snikkarverkstaden til Fjeldtveit på Ådland. Han voks opp i Skjoldavik der familien dreiv bakeri, men bakaryrket freista han ikkje. Torbjørn vurderte å byrja i læra i Haugesund, men valet fall på Stord i 1946. Reisa gjekk med buss til Ølen og båt derifrå til Leirvik. Torbjørn minnest at det var HSD sitt flaggskip «Vøringen», med kvitmalt skrog og med staseleg gallionsfigur i baugen som gjekk frå Ølen kl. 20.00. Båten hadde stopp i Etne, Skånevik, Innbjoa og Tittelsnes før han klappa til kaien på Leirvik kl. 24.00. 


På Leirvik hadde familien ordna innkvartering på ærverdige Folkvang Hospits. Vertinna frøken Heggebø, viste stor omsut for 16 åringen, så han fekk godt stell der.  Det var eit to-mannsrom han leigde, og etter ei tid fekk han Sigmund Rørvik som romkamerat. Men montering av  trillebårer og steinvaggar var keisamt og gav få utfordringar. Så etter eit halvt år takka han ja til ein lærlingplass i snikkarfaget ved AS Stord. Han flytta då på hybel nærmare arbeidsplassen, «eit lite kott», som Erna og Nils Røyrvik leigde ut på Bjelland. 


Torbjørn fortel om god opplæring på sin nye arbeidsplass, med mange flinke fagarbeidarar. Han nemner namn som Gunnar Habbestad, Jon Klausen og Johannes Almås. Det var på sjøbussen «Midhordaland», som låg til utrustning, Torbjørn arbeidde den første tida. Lenger ut i læretida fekk han Magnus Eikeland og Ole Huseth som rettleiarar i møbelproduksjon og overflatehandsaming. Snikkarverkstaden produserte innreiing til båtane av høg kvalitet med mykje spesialtilpassa utforming. Som ein del av læretida gjekk Torbjørn tre år på teknisk kveldskule før han gjorde eit nytt vegval og vart elev ved Ryfylke Yrkesskule vinteren 1949/50. 


Etter at han var ferdig med militærtenesta og attende i Skjold, søkte han på fleire skular som han kom inn på, for å kvalifisera seg til sløydlærar. Han «talde på knappane» som han seier, men valde å starta opp snikkarverkstad i Hornelandsvågen saman med Nils Nordhus. Det var i denne perioden han gifta seg og stifta familie, eit nytt viktig val. Dei to kompanjongane dreiv verkstaden i 3 år før dei slutta av, og begge byrja å arbeida ved snikkaravdelinga på Kjøtteinen att.


I byrjinga av 1960-åra kom eit nytt vegskilje for Torbjørn Langeland. Snikkarverkstaden ved Stord Verft skulle omstillast, og han tok imot tilbodet om arbeid på maskinverkstaden. Men arbeidet med maskinering av stål i store seriar gav mykje rom for tenking og var keisamt. Det var i denne perioden han kom til eit nytt vegskilje, fortel Torbjørn. Han sturderte arkitektur i 5 år med korrespondanseundervisning og mange eksamenar i København. Så i 1968 vart han tilsett som arkitekt på teiknekontoret ved verftet. Men krav til omstilling rista hjørnesteinsverksemda på nytt i midten av 1970-åra. På få veker mista dei 10-12 skipskontraktar, og verksemda måtte tilpassa seg offshorekrava. Dette var ei pionertid som og fekk stor innverknad på Torbjørn sin arbeidsdag, med offshore-engelsk, fleire «hyllemeter» med spesifikasjonar, og konsulentar som var «kongen på haugen». Men som eg har skrive om tidligare gjekk det heile seg til, og lokomotivet i Sunnhordland vart etter ei tid «herre i eige hus». Torbjørn fortel om nye utfordringar og mykje samhandling i prosjektgruppene som han var med i for å sikra kontraktar til verksemda. Det var eit arbeid som han likte godt og heldt på med like til han tok valet og gjekk av som AFP-pensjonist i 1994.



Munnleg kjelde: Torbjørn Langeland f.1930


«Sunnhordland» 7. januar 2019

Oddbjørn Kvålsvold