Om å reisa før i tida

Når vi i dag køyrer til slekt og vener med eigen bil, vert det registrert med irritasjon og sure kommentarar om ein vert hefta ein halv time på vegen. Med stort sett god vegstandard, og ei tid der bil er allemannseiga, har reisetid fått nye dimensjonar. I dag kan vi ta bilen og køyra til nærmaste flyplass tidleg ein morgon, og eta middagsmåltidet på eit hotell på Grand Canaria eller i Tyrkia om vi vil. I dette vesle attersynet frå vår nære fortid, vil eg ta dykk med på ein sommartur frå Stord til kona sin heim i Ullensvang. Med moderne bruer og tunnelar tek ein slik tur til Oksenhalvøya med bil 3,5 – 4 timar frå tun til tun, men i 1960-åra var dette ofte «ei lang natts ferd mot dag».

 

I mange år var det heimen til kona som var vårt faste reisemål dersom vi skulle reisa nokre dagar vekk frå Stord. Hit reiste vi oftast til jul, påske, pinse og dei fyrste feriane. Men det var ei tidkrevjande reise før vi fekk høve til å kjøpa oss bil. Hugsar ei minnerik reise til Hardanger då første barnet var 2 – 3 år. Vi spaserte ned til ferjekaien på Leirvik med Bergansekken på ryggen, stor koffert og ungen i ei lett sportsvogn, i 5 – 6 tida på ettermiddagen. Ferjetur til Sunde var første etappe og så vidare med buss til Rosendal. Etter ei tid på bussen sa veslejenta at ho måtte tissa. Men ho fekk beskjed om at ho måtte venta litt. Ho satt på fanget mitt og etter ei tid kjente eg ein ekstra varme i fanget!! I Rosendal skulle vi venta på HSD sin rutebåt MS Hardangerfjord som kom frå Bergen i Oddaruta.


På veg ned til venterommet på kaien skjedde meir dramatikk. Da eg huka meg ned for å ta opp noko vi hadde mista, kom eit lite dunk. Det var den runde blekkboksen med reisenista som kona hadde laga til, som glei ut frå ryggsekken. No trilla denne med ope lokk i retning kaikanten. Skjevene med egg og sild, syltetøy og ost la seg på rekke og rad nedover grusplassen. Men kona mista ikkje fatninga, ho samla saman nista, fjerna smuss og stein og la dei attende i nisteboksen. Kveldsmaten og nokre frukostskjever måtte takast vare på. På toalettet på kaien vart det klebyte både for ungen og meg, og vi var klar for neste etappe på reisa.


Hugsar eg var litt spent på å møta att MS Hardangerfjord med kaptein Haarek Hide. Dette var ein av båtane eg hadde arbeidd på då den vart bygd ved Stord Verft og levert i mai 1959. I ruteheftet frå den tid står det at båten skulle gå frå kaien i Rosendal kl. 2315 så det var godt slingringsmon i mellom dei ulike transportmidla. At ting tok tid vart akseptert i samtida, og ingen stressa og kava seg opp om ein måtte venta ein time eller to. Dette var den nye snøggruta mellom Bergen og dei viktigaste tettstadene langs Folgefonnhalvøya til Odda, frå Bergen kl. 1900 og i botnen av Sørfjorden neste morgon kl. 0730. Vi satt i salongen for å spara lugarkostnaden og fekk med oss stoppeplassane Jondal, Herand, Alsåker og Vines for å nemna nokre.


Båten kom til Utne i 3 – 4 tida om natta og me tok inn på venterommet på kaien og «kroa oss saman» på nokre benker. Her måtte me venta på «Lokalruta i Indre Hardanger» som gjekk mellom Granvin og Ulvik og «sørva» dei veglause gardane og små grendene langs Oksenhalvøya. MS Fjordgubben hadde stopp på Utne kl. 0640 om morgonen og tok oss med over fjorden til reisemålet. Ja, slik var det å reisa til Hardanger i 1963.


Skriftleg kjelde: Harald Sætre – «Fram og tilbake til by’n» – 2015


«Sunnhordland» fredag 1. april 2016


Oddbjørn Kvålsvold