Då Sagvågs-bygda fekk seg brannpumpe
I juleveka 1944 opplevde Sagvågbygda ein storbrann på kaiområdet. I butikken til Magnusen & Co kom eld laus, og dette heldt på å utvikla seg til ein brann som kunne lagt tettstaden i oske, fortel Svein Jonassen, ein av mine gode informantar. I huset som tok fyr, var det mykje turt treverk og anna brennbart, og Jonassen fortel om smella som ljoma mellom husa etter kvart som fat med parafin og oljerestar tok fyr. Eksplosjonane slo delvis ut veggen mot sjøsida, elden loga veldig opp og varmen vart intens. Snart byrja det å ryka av oppheta vegger og tak på nabohusa. Huseigarane med god hjelp av dei som raskt kom til, hjelptest med å tømma husa i nærområde for inventar. Svein fortel om møblar og husgeråd som vart bore ut av dei branntrua husa, og plassert langt oppover Sagvågsbrekko. Folk som kom til, hadde med seg vassbøtter, og det vart organisert «vassvegar» for raskast mogleg å få vatn fram dit det trongst mest. Ja, heile arbeidsstokken frå dei nærliggjande verksemdene kom til unnsetning, så det vrimla av folk på kai-området, fortel Svein. Det vart reist stigar på nabohusa for å bera vatn opp til dei som sat på mønet og skulle kjøla ned takkonstruksjonane. Informanten min hugsar det rauk av både vegger og tak på dei nærmaste husa, då strålevarmen var på sitt verste. Slik Svein Jonassen hugsar det, var heile forretninga til Magnussen ein einaste glohaug då brannmannskapa frå Leirvik og Gruo kom fram til branntomta.
Brannen på kaien i Sagvåg sette støkk i bygda og aktive krefter i lokalmiljøet starta difor penge- innsamling for å skaffa ei brannpumpe. Ei lokal teatergruppe var med og bidrog med skjemt og alvor på innsamlingskveldane som vart arrangerte. Pengane som vart samla inn lokalt, var med å påskunda kommunen, slik at ei brannpumpe med 300 meter slangar kom på plass i Sagvåg.
Svein Jonassen fortel at det vart montert krok på faren sin lastebil til å transportera brannpumpa med. Vidare vart det organisert ein lokal branntropp som skulle rykka ut med utstyret når eld var laus. Branntroppen hadde øvingar med jamne mellomrom, og han hugsar ein gong dei nett var ferdig med ei øving då alarmen gjekk. Det var ei ishavsskute som låg ved Jensanes-verven som hadde eld laus i garneringa, og slokningsmannskap var på plass etter 8-10 minuttar. Brannpumpa som bygdefolket klarte å skaffa til veie, har opp gjennom åra hatt mange oppdrag som Svein fortel om. Ikkje minst minnest mange av oss brannane i Hustrudalen, Utslettefjellet og Rutle. Dette var til dels store, alvorlege lyng- og skogbrannar, og branntroppen frå Sagvåg var aktive bidragsytarar i sløkkingsarbeidet. Vidare gav gamle bossdungen på Valvatna mange utrykkingar for innsatsgruppa frå Sagvåg.
Ein anna type oppdrag Svein Jonassen hadde med brannpumpa, var i eit av dei første fredsåra etter siste verdskrigen. Furuly helseheim hadde vassmangel, slik mange andre stordabuar hadde denne sumaren. Brannpumpa frå Sagvåg vart plassert ved Sevhølen for å pumpa vatn opp til helseheimen sine vassbasseng. Avstanden var så stor at slangeutstyret som høyrde til i Sagvåg, måtte kompletterast med nokre lengder frå lageret på Leirvik. Etter to dagar var helseheimen si vasskjelda fyllt opp, og lastebilen kunne dra brannpumpa attende til heimbygda, avsluttar Svein Jonasen.
Munnleg kjelde: Svein Jonassen – f. 1930
Sunnhordland» 12.1.18.
Oddbjørn Kvålsvold

