Far var ein av Shetlandsgjengen
På Sunnhordland Museum vart det fredsdagen 8. mai i 2018 arrangert eit møte der temaet var korleis gjekk det med krigsseglarane i etterkant av dei mange dramatiske opplevingane.
Forteljarane synleggjorde munnleg og med visuelle hjelpemiddel korleis mange sleit med minna frå dei mange dramatiske opplevingane som var limt fast på hjernebarken. For nokre vart difor stort alkoholmisbruk resultatet for å døyva dei psykiske seinskadane. Men dei fleste klarte seg bra, og det var dette Vigdis Oldekjær fortalde om på møtet. Ho er dotter av ein av dei som kom til Leirvik etter fem dramatiske år i Shetlandsgjengen.
I eit digitalt opptak eg seinare gjorde med Vigdis Olderkjær, fortel ho om faren som voks opp i Tysfjord i Nordland og i mai-dagane 1940 var på fiske ved Røst. Mannskapet på båten var ein ungdomsgjeng der fleire tok avgjerda om å koma seg over til England snarast mogleg. Nokre av manskapet ynskte å melda seg til teneste på dei allierte si side mot Hitler og nazismen. Far til Vigdis, Edvard Pettersen (1918-1995), fortalde lite og ikkje om sine opplevingar i krigsåra, slik det var sedvane mellom krigsseglarane. Men då familien hadde ferieturar til Tysfjord og Edvard møtte att nokre av ungdomsvenene, fekk ho detaljar frå turen som venene hadde gjennomført til Sverige. Vidare om reisa til England, treningsleiren i Skotland og dei seinare oppgåvene i Shetlandsgjengen.
Edvard Pettersen kom først over til Sverige etter tre fluktforsøk. Sjølv om det berre var 13 km til grensa måtte Edvard snu ved første forsøk og hjelpa ein av kameratane som hadde teke med kjærasten. Jenta kollapsa av påkjenningane i den blaute og djupe snøen, og dei måtte skiftast om å bera henne attende til Tysfjord. Neste fluktforsøk var som blindpassasjer på Narvikbanen, som på grensa vart stoppa for kontroll, og turen måtte avbrytast. Men tredje forsøket saman med kameraten lukkast, og Edvard kom seg over grensa til Sverige, vart arrestert av svensk politi og plassert i ein tømmerhoggarleir. Etter ei tid fekk faren kontaktar som hjelpte han med den vidare fluktruta til England, og enda i Nord-Skottland. Der var ein militær treningsleir som gav kampvillig ungdom intens opplæring i skarpe oppgåver. Edvard som hadde erfaring frå sjø og båt, vart plassert i Shetlandsgjengen, mens dei med militær bakgrunn vart m.a. med i Lingegjengen.
Ved basen på Shetland fekk faren maskinistjobb på M/K Andholmen som utførte mange viktige og dramatiske turar mellom Skottland, Shetland og Norge. Men då Den Kongelege Norske Marine i 1943 fekk tre hurtiggåande ubåtjagarar, vart Edvard maskenist på ein av desse. Båtane vart nytta i organisasjonen «Shetlandsbussen» som stod bak den illegale trafikken mellom Vestlandet og Shetland. Etter freden i 1945 var Edvard på nytt maskinist på «Andholmen», som då hadde vakt- og patruljeoppdrag på vestlandskysten under militær kommando.
Det var i denne perioden faren møtte mora, Konstanse Elida Lodden, som hadde huspost på Vikjo. Dei gifta seg i 1947 og planla heim på Skotaberg. Edvard mønstra då av og fekk arbeide på sildoljefabrikken på Kjøtteinen, men reiste til sjøs i 1950 for å spara opp pengar til eige hus. Etter ny avmønstring vart det husbygging, familieliv og stødig arbeid på vedlikehaldsavdelinga ved Stord Verft. I dag bur Vigdis og mannen i huset som foreldra hennar bygde i 1950-åra på Skotaberg; ei tid då dei aller fleste måtte setja tæring etter næring. Sjølv om faren var ein av dei som opplevde mange dramatiske turar med våpen, sabotørar og henting av flykningar på vestlandskysten, vart ikkje familielivet prega av dette, avsluttar Vigdis Olderkjær.
Munnleg kjelde: Vigdis Olderkjær f. 1948
Oddbjørn Kvålsvold

