Lys og liv over land
Det er vel kanskje enno ein del nordbygdarar som hugsar den gamle fana til Stord lærarskule. Kvar 17.mai var fana eit tydeleg innslag i nasjonaldagsfeiringa på Rommetveit. Bak fana samla det seg folk som sokna til lærarskulen: elevar, lærarar og andre tilsette. Men det vart det ein brå stopp på etter 1996.
Skulefana var ei gåve frå tidlegare elevar ved 50-årsjubileet i 1889. Fana vart mykje nytta i festlege samkomer både innandørs og ute i vind og regn. Slik tapte ho seg etter kvart, så det måtte lagast ei ny, ein kopi av den gamle, men med ei endring: fakkelen på toppen av stonga var bytt ut med ei kule.
Fana var fin den, men framstilte motiv som kanskje er litt framande for oss i dag. Hovudmotivet er eit englevesen med venger som lyftar ein fakkel i eine handa og held fram eit palmeblad i hi handa. Ytre sett kan framstillinga minna om glansbilete av englar som for enkelte tilårskomne av oss var eit samleobjekt.
Går ein dette englemotivet nærmare etter i saumane, vil ein finna at det har sine anar i små antikke kjærleiksgudinner, amorinar eller erotar som som dei vart kalla. Dei litt småfeite englevesena var ofte på jakt etter offer med pil og boge i hendene. Med sine piler var dei i kjærleiksguden Amor si teneste
Men i skulefana ber dei små englevesena ein fakkel og eit palmeblad i hendene. Palmebladet kjenner vi att som eit fredssymbol. Litt meir innfløkt symbolikk har nok fakkelen. Fakkelberaren, lysberaren, kan i kristen tradisjon ha eit negativt innhald. Det er den utstøytte engelen Lusifer som jo er ein djevleskapnad. Namnet Lucifer kjem frå latin, og er sett saman av to ord, lux (= lys, genitiv lucis) og ferre (=å bera, å bringa), og tyder kort og godt «lysberaren».
Opphavleg var namnet Lusifer knytt til planeten Venus, morgonstjerna som varsla morgonròde og ein ny dag. Og det er nok slik ein må tolka fakkelmotivet i skulefana som markør for ei ny tid. Tanken var nok at lærarskulen opnar for ein ny dag med «Lys og Liv over Land «, som det står med gylne bokstavar over fakkelberaren. I vidare meining står lyset som symbol for kunnskap og utdanning, eller rett og slett opplysning. Saman med fredssymbolet, palmebladet, gjev det ei viss tyngde i den funksjonen lærarutdanninga og all anna utdanning skal ha.
Men alt har si tid, og mange har nok i dag problem med å sjå det djupe innhaldet i den gamle og velbrukte fana til Stord lærarskule. Derfor var det vel på tide å tenkja litt nytt. Frå 1978 fekk Stord lærarskule namnet Stord lærarhøgskule, og frå 1994 vart fleire høgskular i regionen slått saman under namnet Høgskolen Stord Haugesund. Og kva då med den gamle fana?
I 1995 gjekk 17.mai- toget sin tradisjonelle rundtur over Knappane, men utan noka fane for den nye høgskulen. Det kom folk for øyra at skuleleiinga med direktøren i spissen ville ha det slik. Det var den nye mot den gamle tid, og då skulle fanemerket, identitetsmerket, hoggast ned. Det vart ymta noko om at det skulle koma ei ny fane som dekka heile høgskulen, kanskje med den nye logoen for høgskulen HSH, der S for Stord heng og dinglar mellom to H-ar for høgskule og Haugesund.
Dette var nok litt av bakgrunnen for at ei gruppe bakstrevarar 17.mai 1996 henta fram den gamle fana frå djupaste kjellaren i Spesialbygget og lét det skina «Lys og Liv over Land» for siste gong. Denne kjeltringstreken vekte harme hos skuleleiinga som konfiskerte fana for godt med den grunngjevinga at ho frå då av skulle vera ein museumsgjenstand som ikkje toler meir bruk. I alle høve kom dagens ros i «Sunnhordland» til bakstrevarane med takk for at dei trassa den nye tida, med «The New public Management» som leiestjerne, lysberar.
For bakstrevarane
Bjørn Bjørlykke
«Sunnhordland» 31.okt 2014
Bjørn Bjørlykke


