Mange reiste til Amerika
I ein tidsbolk der diskusjonane om innvandrarar og flykningar er heftige, kan det vera på sin plass å minna om kvifor mange stordabuar drog til Amerika for 2-3 generasjonar sidan. Ein av forteljarane mine, Olav Normann Nysæter har, sine første livsminne frå Amerika, der mange òg i mellomkrigstida søkte etter betre levestandard med von om romslegare økonomiske kår. Far til forteljaren, Olav N. Nysæter og mora Gunnhild f. Dybvik, flytta til Brooklyn der faren fekk arbeid på eit skipsverft. Olav Normann som vart fødd der borte i 1931, fekk ei syster, Eli Marie, etter to år, men innvandrarane fekk det vanskeleg etter kort tid, for mora fekk tuberkulose. Ein sjukdom som på denne tid sette alvorlege spor i mange familiar både her i Noreg og verda over. Han var berre 5 år då mora døydde frå dei, og faren sat att med to små ungar utan det sosiale tryggingsnettet me har i dag. Dei første livsminna hans er difor om ei mor som vart isolert frå familien på grunn av den smittsame sjukdomen ho hadde.
Løysinga vart at Olav Normann og søstera flytta til farbror Sigurd og kona Ingeborg, som òg var innvandrarar. Dei budde i Detroit, ein by opp mot grensa til Canada. Onkelen var ingeniør på ein Ford-fabrikk, og han minnest at dei budde i eit stort hus midt i byen. Forteljaren min har fleire livsminne frå denne perioden. Ein gong tanta kvilte middag, gjekk han ut på eiga hand og skapte trafikk-kaos i storbygata. Minne om uniformerte politi, bilar i «kryss og krake» og formanande ord vart eit av minna frå Amerika. Etter episoden då han laga trafikkork i Detroit, leigde farbroren eit hus i meir landleg omgjevnad, med utedo og moskitonett for dørene. Der fekk han tilfredsstilla utforskings-trongen i ein tryggare heim med stor hage. Olav Normann har òg livsminne om kalde vintrar med snø og forviklingar når dei var ute med onkelen sin bil. Ein gong dei hadde gløymt å fjerna ein vinterfrakk som var lagt over motoren til vern mot kulda, tok denne fyr og vart eit livsminne saman med filmopplevinga av «Trollkjerringa som laga gift». Olav Normann og søstera snakka berre engelsk på denne tid, men dei var glade i å syngja, så tanta Ingeborg lærte dei utvandrarsongen, « Kan du glemme gamle Norge ….»
Men bankkrakk der faren tapte pengar og store utgifter under mora sin sjukdom og dødsfall førte til at familien reiste attende til Noreg i 1938. Dette var òg ein periode med vanskeleg arbeidsmarknad i Amerika, så faren braut opp og tok «Oslofjord» heimatt og etablerte seg på heimagarden hjå foreldra Eli og Nils N. Nysæter. På småbruket til besteforeldra på Nysæter tok ei ny tid til for 7-åringen som knapt kunne eit ord norsk. Bestefaren, «snikkaren» som han vart kalla, laga møblar på gamlemåten utan elektrisk utstyr. Solide eikemøblar eller i anna trevyrke vart forma på høvlebenken, saga til og høvla for hand, tappa saman med handjern og limt med hornlim frå limgryta. Her var bær- og frukthage, gris, høns og ku. Men det er ei anna historie.
Munnleg kjelde: Olav Normann Nysæter f. 1931

